Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Osterøy

Flabellina

Velkomen til den flytande kunstbadstova, Flabellina. Du finn oss i historiske Mjøsvågen; ei perle i Osterfjorden, berre ein liten time med bil frå Bergen.

Kombiner eit varmt og behageleg opphald i den heilt spesielle badstova, med eit friskt fjordbad i flotte omgjevnader med fjord og fjell.

Varmen kan auke blodsirkulasjon og mjuke opp i musklar og ledd. Ei oppleving i Flabellina vil kunne bidra til å “lade batteria”, gje slepp på stress og gje deg godfølelsen. Utsmykkingane inne og ute som er inspirert av nakensneglane i havet gjer ein ekstra dimensjon på heile opplevinga.

Flabellina er utstyrt med finsk, vedfyrt ovn. Varmen ligg mellom 60 og 80 grader.. Me anbefaler å jevnleg kjøle seg ned med anten eit friskt sjøbad eller ein dusj (me har lokalprodusert utedusj).

Du kan nytte badstova på dropin (70min) saman med andre, eller du kan booke som eigen gruppe (90min). Book badstova som ein sosial møteplass med vener, familie eller til andre arrangementer (t.d.  i jobbsamanheng, bursdagsfeiring, familietreff etc.). Badstova har plass til inntil 8 personar (eller 10 om ein er nære vener).

Ved ankomst vert de møtt av ein badstumeister, som på førehand har fyrt i badstova og som vil vise dykk rundt. På Den Grøne Fabrikken er det tilgjengelig dusj og toalett. Me anbefaler at du har med vatn. Drikk regelmessig gjennom heile opphaldet i badstova.

Bestilling:
Badstova bestiller du minimum 12 timar på forhånd og betales online med bankkort, vipps eller Paypal. Bestilles på www.flabellina.no

Kilde: Visit Bergen

0

Flabellina

Sider du nylig har besøkt