Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland SOGNDAL

Flatbreen / Supphellebreen

  • Supphelledalen, Sogndal
  • +47 95829171
  •  /  km From You
Overview

Flatbreen i Fjærland ligg meir enn 1000 moh. Oppe ved brekanten og Flatbrehytta er utsikta til fjorden fantastisk.

Det tek 2-3 timar å gå opp, og breturane her har aldersgrense 10 år. Naboen til Bøyabreen i Fjærland er Supphellebreen. På platået lengst fram på breen ligg Flatbreen, og 300 meter frå brefallet finn du Flatbrehytta. Dette er eit mykje brukt utgangspunkt for brevandrarar, og det er høve til å delta på breturar i sommarsesongen.
Fjærland Guiding
Bli med Fjærland Guiding til Flatbrehytta - utsikta vil ta pusten frå deg.
Tid: 6-7 timar
Lengde: 7-8 km
Sesong: Juni til september
Medium til hard tur avhengig av nivået ditt.
Pris: 550 NOK per person
For å komme til Supphellebreen/Flatbreen tek du av frå hovudvegen i Fjærland, og køyrer opp Supphelledalen til Øygard. Du kan også fortsette vidare til fots innover dalen, som bind Fjærland og Veitastrond saman. Her stikk Supphellenipa opp av ismassivet, og på 1687 meter over havet ligg Kaldakari. Supphellebreen og Flatbrehytta er legendariske namn for brevandrarar. Flatbregubben, Anders O. Øygard som bygde Flatbrehytta var den mest kjende breføraren i dette området. H.M Dronning Sonja har ved fleire høve besøkt Flatbreen, sist gang på 50-års jubileet til hytta i 2004. Den delen av Supphellebreen som ligg heilt i botnen av dalen, vert "halden i live" ved at det rasar ned is frå Flatbreen. Dette er den lågastliggjande breen i Sør-Norge, berre 60 moh.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages