Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Viksdalen

Flatheim 4H - og friluftsgard

  • +47 57720018
  •  /  km From You
Overview

På småbruket Flatheim kan du finne roa. Her kan du oppleve naturen veldig nær, –fjella, elva, skogen, lyset og lydane. På garden har vi sauer, ulike hønserasar, vaktlar, kattar, kaniner, marsvin, ender og geiter. Vi har tilrettelagt eit friluftsområde ved elva, med gapahuk, sjusteinsovnar, grue og bålpanner. Her kan du leike, fiske, bade, padle, og om du vil, setje opp telt og leve det gode liv i pakt med naturen. Vi har også rom til utleige.


 


Vi likar å ta vare på historia og vise den fram. Kiosken vår frå 60-talet er bevaringsverdig. Her sel vi is, brus, kaffi, vaflar og lokale produkt. Vi har også ein "nostalgikjellar" med plass til mindre selskap, kurs, møter mm.


 


Flatheim er eit fint utgangspunkt for turar, – sommar og vinter. Merka turstiar som Fossestien, Storefjellet, Fuglestien – ein lærings- og opplevingssti og geocahing. Vi kan om ynskjeleg tilby guiding. Vinterstid er vi næraste nabo til Hoffslåttene Skileikanlegg.


Vi har opne dagar, og kan ellers ta imot besøk etter avtale for tilpassa opplegg.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Click to activate
Gaular, Norway
The latitude and longitude
61° 19' 45" N / 6° 16' 19" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad