Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Sunnfjord Gaular

Flatheim

  • +47 99246066
  •  /  km From You
Overview
Details

På småbruket Flatheim kan du finne roen. Her kan du oppleve naturen veldig nær, fjellet, elva, skogen, lyset og lydane. Garden ligg ved Nasjonal Turistveg Gaularfjellet, mitt i det vestnorske fjell og fjord landskapet. Flatheim har vore ein stoppestad for reisande sidan 1950. Her kan du oppleve det ekte norske. Du kan sove i gode senger, og vakne til elvebrus og hanegal. Herifrå kan du vandre på Fossestien langs det verna Gaularvassdraget, eller du kan gå på fjelltoppar. Det er også fint å prøve fiskelykka eller kanskje padle på eit vatn. Flatheim er eit godt utgangspunkt for utflukter til fjordane. Om du berre reiser forbi, kan du ta ein kaffistopp her. Vi tek også imot grupper etter avtale for servering og historieforteljing. eller for aktivitetar på garden. Velkommen til oss!


Garden ligg i Viksdalen, tett ved Nasjonal Turistveg Gaularfjellet og det verna Gaularvassdraget, 430 moh. Garden har historie tilbake til 1949, då det vart eige bruk. Heilt frå starten har det vore drive gardsturisme i kombinasjon med tradisjonell gardsdrift. Det er no tredje generasjon som driv garden. Dei siste åra har vi satsa meir på gardsturisme, og vi har utvida med fleire bygningar og tilbod. Hos oss kan du overnatte i leiligheter, familierom eller dobbeltrom, dei ulike einingane er fordelte på fleire hus i tunet, omringa av ein koseleg hage med bær, urtar og blomster. Eitt av husa er eit freda hus, som i seinare tid har blitt flytta til garden og restaurert. I dette huset driv vi sommarkafe, og vi har lokale for selskap og møter. Vi har også ein liten “kiosk” med gåver, forfriskningar og lokale produkt.


Vi har eit fint friluftsområde ved elva, med gapahuk, bålpanner, og gruer, der ein kan grille, bade og kose seg i pakt med naturen rundt. Ved elva har vi også eit område med lysthus og badestamp som kan leigast. Garden er godkjent 4H-gard, og har også tilbod til barn, unge og vaksne om opplegg for aktivitet og læring etter avtale. Vi er også godkjent Inn På Tunet-gard. Garden har sjølvsagt dyr, og du kan treffe både sauer, høner, ender, kattar og endå nokre fleire sortar.


Flatheim ligg omtrent midt i fylket, og er perfekt som base for utflukter til Sognefjorden, Dalsfjorden, kysten eller Jølster og Nordfjord. Lokalt er det fine turmogelegheiter, både toppturar, og lettare turstiar. Like ved, langs Gaulavassdraget ligg Fossestien, ein flott opparbeida sti, som snor seg langs elva, frå høgfjellet og ned gjennom bygda, forbi fossar og vatn i stadig skiftande terreng. Det ligg fint til rette både for fisketurar både i elv og vatn, eller padling i kano eller kajakk.


Tek du turen til Flatheim får du oppleve eit område som ligg litt utanfor dei sterkaste turiststraumane, som likevel byr på store naturopplevingar, levande bygder, ro og fred. Velkommen til oss!
 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Generelt

Landskap
  • Fjellområde

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Guidede turer
  • Natursti
Vinteraktiviteter
  • Skilek

Facts

Landscape
Mountain area
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad