Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Flatheim

Bestill

Senk kvilepulsen med overnatting i historiske og unike rom. Tett på naturen, fjellet, elva, lyset og lydane, midt i det vestnorske fjell- og fjordlandskap.

Flatheim er eit lite gardshotell i Viksdalen midt på den Nasjonale Turistvegen over Gaularfjellet.

Her kan du finne roen, senke kvilepulsen og komme tett på naturen. Du kan overnatte i historiske tømmerhus med sjel og sjarm. Alle våre rom er ulike og har kvar sine uttrykk. Romma er innreia med omsorg og kjærleik i restaurerte bygningar i tunet. Eit av husa er freda og har ei stove frå 1500-talet. Kring tunet ligg ein koseleg hage med blomster og nyttevekstar. I hagen er det fleire områder å setje seg ned, slappe av og nyte, både ute og under tak. Nærleiken til det verna Gaularvassdraget som renn like ved er verdifull, og gjev høve til både bading, fisking og vandring langs vatn, fossar og klart, rennande vatn. Den 22 km lange Fossestien byr på turar som passar dei fleste. Flotte toppturar kan ein også gå, rett frå tunet om ein ynskjer.

Glamping

Skulle du ynskje ei litt annerleis overnatting, primitiv luksus og endå meir nærleik til naturen, så kan du overnatte i Glampingtelt på elvekanten.

Fasiliteta

Ved elva er det tilrettelagt med områder der ein kan raste og grille. Alle rom har tilgang til kjøkkenfasilitetar, men det er også høve til å bestille 3 rettars middag på kveldane for gjester som bur her. I sommarkafeen i tunet kan du kjøpe kaffi, forfriskningar, enkel lunsj, kaker og bakst. Her fins også ein liten gardsbutikk med interiør, skinn, bøker med meir.

Du kan leige båt, kano, sup-brett, el-syklar. Her er også badestamp og badstu som kan leigast ved forhandsbestilling.

Norsk Økoturisme-bedrift

Flatheim er serfitisert som Norsk Økoturisme-bedrift, og legg vekt på blant anna å lage små avtrykk, formidle lokal historie, bruke lokale varer og gjenbruke hus og inventar så langt som det er mogleg.


Kilde: Visit FjordKysten

0

Flatheim

Bestill

Sider du nylig har besøkt