Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Voss

Flatlandsmo Camping

  • Flatlandsmoen 6, Voss
  • 56 51 78 08
  •  /  km From You
Overview

Campingplassen er open heile året og har kiosk (open i sommarsesongen), godt sanitæranlegg, teltplass, kjøkken og straumuttak for campingvogner og bobilar.

Flatlandsmo Camping er ein roleg familiecamping som ligg idyllisk til ved Moensvatnet 12 km frå Voss sentrum. Her er fine badeforhold både for born og vaksne, og ein kan låna båt og fiska velsmakande aure.

Her er og ymse leikeapparat, fotballbane og spennande sykkel- og fotturar i skog og fjell rett utanfor døra.

På vinterstid lagar me gjerne skeissebane på vatnet om det er forhold til det. Ellers ligg plassen kun 15 min køyring i frå Voss Resort, og Voss Ski- og tursenter. Til skianlegget i Myrkdalen går det ein drøy halvtime.


Flatlandsmo Camping tilbyr og:
12 hytter med enkel standard og 4 senger
Storhytte m/dusj, toalett, kjøkken og peisestove for inntil 26 personar
Straumuttak for campingvogner og bubilar
Teltplass
Nyoppussa driftsbygning med eige kjøkken og TV-krok
Kiosk om sommaren


Velkomne til ein hyggjeleg ferie hjå oss!


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
60° 35' 38" N / 6° 34' 51" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad