VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway


Flatsteinbu

  • Kvamsvegen 66, Oldedalen
  • +47 57874040
  •  /  km From You
Overview

Område: Oldedalen Type: Fottur Gradering: Krevende Lengde: 4,3 km, 4 timer Sesong: Mai - Oktober

Informasjon:

Flatsteinbu ligg på eit fjellplatå mellom Kvamsdalen og Brenndalen, like ved kanten av Jostedalsbreens enorme iskappe. Turen til Flatsteinbu er ein bratt topptur til platået mellom Kvamsdalen og Brenndalen, like ved kanten av Jostedalsbreen. For å kome til Flatsteinbu går ein først opp til Kvamssetra innanfor. Dette er ein bratt etappe, men god sti gjer det til ei fin oppstiging. Frå sela på Kvamssetra flatar stien ut og ein held fram bakover Kvamsdalen. Her kan ein nyte utsikta både ned mot Oldedalen, men også innover Kvamsdalen mot fossen. Siste etappe kan vere litt krevjande då ein må gå bratt/klatre opp siste fjellpartiet. Det er montert fast kjetting og boltar i fjellet for å gjere oppstiginga enklare. På toppen finn ein Flatsteinbuhytta og ei sikringsbu. Hyttene er private, men opne for alle som vil bruke dei. Hytta er på 19 kvm og det går greitt å ligge 10-12 personar på hems, brisk og golv. I tillegg er det soveplass til 5-6 personar i sikringsbua.Dei som overnatter på hytta legg pengar på bøssa eller fører over pengar til kontonr. 3770 10 28903 som oppgjer for overnatting og bruk av brensel og lys. Der er også gassoppvarming og kokemoglegheiter.

Flatsteinbu vart reist i 1969 av nokre ivrige oldedøler, og alt bygningsmateriale er bore opp til 1260 moh. Hytta vart restaurert og utbygd i 2005. Om ein held fram ca 10 minutt bakover fjellplatået frå hytta, kjem ein til eit flott utsiktspunkt der ein kan sjå Brenndalsbreen og fleire 100 meter rett ned i Brenndalen.

Vegbeskrivelse:

Ta av fra Rv 60 i Olden og følg veien innover mot Briksdalsbreen. Stien opp til Flatsteinbu går fra Kvamme ved enden av Oldevatnet. Turen fra Kvamme og opp til Flatsteinbu tar mellom 3 og 4 timer, og går i forholdsvis bratt terreng, men på godt merket sti.


  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages