Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Voss

Fleischer's Hotel, Voss

Det er noko med Fleischer's Hotel. Du merkar det når du står utanfor den høgreiste trebygningen, med spisse tårn, spir og karnapp i eit mylder av sveitser- og drakestil. Du merkar det når du kjem inn i resepsjonen og ser signaturane til fordoms kjemper som har vore her før deg. Når du går gjennom gongene og høyrer historia kviskra til deg. Set deg ned i matsalen, slik keisar Wilhelm av Tyskland gjorde, slik Edvarg Grieg gjorde, ja, slik til og med fyrsten av Siam gjorde.

Midt mellom mektige vestlandsfjell, i sentrum av Voss, ligg Fleischer's Hotel nydeleg til mellom Vangsvatnet og Trafikknutepunktet Voss Stasjon. Plasseringa gjer det enkelt å komma til oss frå aust og vest. Fleischer's er eit moderne hotell, som er rikt på tradisjonar. Hotellet stod ferdig i 1889, bygd i den populære sveitserstilen til datid. Det vart raskt ettertrakta blant velståande turistar, mykje på grunn av byggjestilen. Det er eit særeige hotell, kjent for den ærverdige atmosfæren sin, storslåtte matsal og imøtekommande vertskap. Om hotellet I dag har Fleischer's Hotel 110 rom med totalt 210 senger, 30 motell og kursfasilitetar med kapasitet til 240 deltakarar. Velværeavdeling med symjebasseng, barnebasseng, boblebad og badstove og treningsrom. Me byr på servert middag og buffet i Restaurant Magdalene, à la carte i Seckman, forfriskingar i Fredrik's pianobar og nydeleg utsikt frå vår sommaropne Terrasse. Rom i hotellet Eit rom med utsikt over Vangsvatnet og fjella rundt, med historisk preg og klassisk innreiing. Med mystikk, og historier om spøkjelse som går igjen. Kven vil vel ikkje besøkja Fleischer's Hotel? Prisar frå kr 995,- per person per døgn i delt dobbeltrom Rom i motellet Ynskjer du å ha litt meir fridom og å kunna laga maten sjølv? 100 meter frå hotellet finn du Fleischer's Motel, som har 30 leilegheiter med 80 sengeplassar. Dette er eit veldig familievennleg og prisgunstig alternativ. Prisar frå kr 1 200,- per døgn Mat og drikke I restaurantane våre opplever du noko av det beste Noreg har å tilby innan mat og drikka. Me står for kortreiste, regionale, sesongbaserte råvarer, lokal forankring og kontinentale vanar. I kombinasjon med smakfulle og dekorative retter presentert på tidsriktig vis, tilbyr me langreist og kortreist drikke som set ein ekstra spiss på måltidet. Det imøtekommande vertskapet vårt formidlar gjerne historia om hotellet, matstaden og menyen. Seckman Vår fine dining restaurant Seckman er oppkalla etter Johan Seckman Fleischer som kom til Voss i 1750. Magdalene Restaurant Magdalene er oppkalla etter Fleischer's Hotel si første vertinne og kjøkkensjef Fredrik's Bar After-Ski, After-Bike, After-Hike, After-ActiviTea! Terrassen For ein utsikt! Vår terrasse vender mot Vangsvatnet og fjella rundt, med Gråsida og Sonvesåsen i sør og Horndalsnuten i øst. For tilgjengelighet og prisar, vennligst kontakt oss Fleischer's hotel direkte! Telefon: +47 56 52 05 00. E-post: hotel@fleischers.no Velkommen!

Last updated: 01/31/2024

Source: Destinasjon Voss

Fleischer's Hotel, Voss

Sider du nylig har besøkt