Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
GEIRANGER

Flydalsjuvet

Flydalsjuvet
Flydalsjuvet
Flydalsjuvet
Flydalsjuvet
Flydalsjuvet
Flydalsjuvet
Flydalsjuvet
Flydalsjuvet
Flydalsjuvet
Flydalsjuvet
Flydalsjuvet
Flydalsjuvet
Flydalsjuvet

Flydalsjuvet byr på imponerande utsikt og er eit godt fotopunkt over Geiranger og Geirangerfjorden.

Her i frå stammer eit av Norges mest brukte fotomotiv i reiselivsreklamen. Flydalsjuvet ligg lett tilgjengeleg ved veg nr. 63, ca. 4 km frå Geiranger sentrum i retning mot Grotli. Utsiktpunkt finst på to platå, eit øvre og eit nedre, med gangsamband mellom. Utsiktspunkta er modernisert gjennom prosjektet "Nasjonale Turistvegar", og dei nye installasjonane vart offisielt opna med ei markering 21.juni 2006. Arkitekt 3RW-Sixten Rahlff og landskapsarkitekt Arne Smedsvig har skapt installasjonane.   På det nedre platået finn ein også installasjonen "Fjordsetet" som vart avduka av dronning Sonja i september 2003 i høve 10- års jubileet til landsdelsselskapet Fjord Norge As.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

Flydalsjuvet

Sider du nylig har besøkt