Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland KVINNHERAD

Folgefonnsenteret (i Rosendal)

  • Skålakaien, Kvinnherad
  • +47 53484280
  •  /  km From You
Overview

Eit nytt spennande senter i Rosendal ved Hardangerfjorden, der du kan læra om vatnet si reise på Jorda, klimaendringar, naturmangfald og berekraftig bruk av naturressursar.

Folgefonnsenteret er eit naturinformasjonssenter i Rosendal, opna mai 2017. Når du besøkjer senteret kan du læra om Folgefonna nasjonalpark, vatnet si reise på Jorda, klimaendringar, naturmangfald og berekraftig bruk av naturressursar. I senteret sine interaktive stasjonar kan du læra om samspelet mellom menneske og naturen.  

Senteret har også turistinformasjon i resepsjonen for senteret og kan også gje deg gode tips for regionen.

Hvordan komme seg til Rosendal og Folgefonnsenteret?

Rosendal ligg ved Hardangerfjorden, ein 2 timars båttur frå Bergen. Hardangerfjordekspressen går til Rosendal heile året og du kan kjøpe rundttur billett med båt tur/retur Bergen her.

Skal du kjøre til Rosendal er det 2,5 time å kjøre med bil frå Bergen og du kan da kjøpe billett til Folgefonnsenteret ved inngangen. Turen inkluderer en ferge. Her finner du ruten i google maps.

Kva kan du oppleve i Folgefonnsenteret?

Senteret har lærerike utstillingar som har hovedtema om vatn, der du kan lære om livet i fjorden og havet. Du kan også få nyttig informasjon om Folgefonna nasjonalpark og om vær og klimaendringar som vi ser både lokalt og globalt.

Utstillinga er interaktiv, med 18 ulike stasjonar og tema der du kan lære mykje om samanhengar i naturen og om det fantastiske landskapet rundt Folgefonna nasjonalpark.

Besøkjer du Folgefonnsenteret kan du sjå 4 kjempefine naturfilmar:

•    «Av vatn er du komen» - ei reise i det vestnorske landskapet
•    Drama i Berg – geologi
•    Fjordens Liv – om Hardangerfjorden
•    Der Kronhjorten brøler

Kva anna kan du oppleve når du besøkjer Rosendal?

Ein dagstur til Folgefonnsenteret og Rosendal med Hardangerfjordekspressen frå Bergen gjer deg 3,5 time i Rosendal til å oppleve bygda. I tillegg til senteret kan du gå til Baroniet Rosendal, Steinparken eller kanskje nyte ei god kopp kaffi på kafé i den hyggjelege handlegata.

 

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Bergen

Opening hours

22. mai 2021 – 31. aug. 2021
Daily: 10:00–18:00
1. sep. 2021 – 10. okt. 2021
ma. ti. on. to. fr. 10:00–15:00
lø. sø. 12:30–16:30
11. okt. 2021 – 15. des. 2021
ma. ti. on. to. fr. 10:00–15:00
See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages