Fyresdal

Folkestadbyen

  • 116699101_372952613671676_5155855739230021035_n
  • Frå Øystad Folkestadbyen
  • Stemningsbilde frå Folkestadbyen
  • Folkestadbyen marknadsdag
  • juleby fyresdal breddeformat
  • Fyresdal_sommer_Øyskogen-juni-1000x750
  • Folkestadbyen
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Send oss en epost

  • +47 35041455

  • Sentrum

    Fyresdal, Telemark

    Vis i kart

I 1870 åra voks det fram eit handels-og handtverkssentrum i kyrkjebygda i Fyresdal. Tettstaden fekk namnet Folkestadbyen. 

Folkestadbyen
Gamle hus vart flutt frå andre stader i bygda til Folkestadbyen og modernisera utifrå Sveitserstilen. Byen voks raskt fram til å bli eit sentrum i Fyresdal med forretningar, bank og bedehus.

Heile denne utviklinga skapte grobotn for ein busetnad som ikkje var bygd opp kring jorddyrking. I "byen" levde ein av å produsere tenester for andre. I dag står Folkestadbyen fram som ein moderne liten "Landsby" og som i gamle dagar lever dei fleste av å produsere tenester for andre med små butikkar og kafè.

Det blir arrangert fleire arrangement i Folkestadbyen slik som jolegateopning, olsok m/ gatefrukost og aktivitetar, langope i forretningane m.m.

Tak ei vandring i Folkestadbyen, blant gamle idylliske hus med mange fine små hagar og tun, finn noko spennande i ein av dei små butikkane, eller slapp av med ein kaffi på Meieriet.

Kilde: Vest Telemark