Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Mauranger

Fonnabu "Turistvegen over Folgefonna"

  • Sundal, Kvinnherad
  • +47 53484280
  •  /  km From You
Overview
Details

Stad: 
Sunndal, Mauranger.

Turkart:
Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt:
Bondhus.

Parkering:
Frå Sunndal gjennom Bondhusbygda 500 m til P-plass ved inngangen til Bondhusdalen. Skilt ved riksvegen. OBS: Parker slik at vegen er framkomeleg for traktor.

Merking:
Orienteringstavle ved P-plassen og ved vegdele 500 m før Bondhusvatnet. T - merka med vardar og skilt.

Gradering:
Svart. Krevjande, fem støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad:
60 – 1450 moh.

Tidsbruk:
10 timar t/r.

Gode råd:
Veret skifter raskt i høgfjellet ved brea. Ta med klede for nedbør og kulde. Ei overnatting for å oppleva kveld og morgon her oppe kan anbefalast. Prisane finn du her: http://www.bergen-turlag.no/index.php?fo_id=2147

Turomtale: 
Frå P-plassen på god grusveg, Isvegen, til vegdele 500 m før Bondhusvatnet. Herfrå på den restaurerte ridestien opp Hillerslia i 18 svingar til Gardshammarsetra, og vidare opp til bru ved Botnavatnet. Etter kvart på delvis bygd sti i ur og høgfjell til hytta Breidablikk, ubetent med fire senger. Ein knapp time herfrå til bresenteret Fonnabu, sjølvbetent med 27 senger. Dette er den mest nytta oppgangen til Folgefonna, med uvanleg stor opplevingsverdi ”Frå fjord til fonn”. Hyttene Breidablikk og Fonnabu er eigde av Bergen Turlag og vert drivne av Kvinnherad Turlag.

Breføring over Folgefonna med breførar:
For å gå inn på brea må ein ha naudsynt utstyr og erfaring, men eit godt alternativ er ei vandring i berga mot brea. Her er mange flotte is- og fjellformasjonar. Nokre veker om sommaren er det breføring kvar dag mellom Fonnabu og Holmaskjerhytta på Oddasida. Breføring kan bookast direkte via bookingknappen på denne sida. Ein kan og booka heile turen med guide frå Sunndal opp til Fonnabu, så over brea til Holmaskjer(Odda).


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
  • Middels
Landskap
  • Skogsområde

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Expert
Duration
5-12 hours
Click to activate
Kvinnherad, Norway
The latitude and longitude
60° 6' 36" N / 6° 16' 15" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad