Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)

Ullensvang

Fonnavegen - Gjetingshaugen

Ein enkel tur på traktorveg og sti med flott utsikt mot Krossdalen og Folgefonna.

Startpunkt

Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 8,0 km tar du til høgre mot Folgefonna. Etter ca 100 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil. Det er automat som tar kort eller kontantar. Like før du kjem til denne automaten er det på høgre sida av vegen ei infotavle for turane i området. Etter ca. 800 m kjem du til eit vegkryss. Her er det skilta mot høgre til Gjetingshaugen. Har du bil, parkerer du her. Det er ikkje god parkeringsplass. Pass på at du ikkje står i vegen for anna trafikk. Parkering på eige ansvar.

Om turen
Frå Fonnavegen følgjer du traktorvegen opp mot Storemyr. Ta til høgre der vegen deler seg og følg denne vegen ca 100 m. Her er det eit retningsskilt, og du går over på sti. Det er litt myrlendt på nokre parti fram til Gjetingshaugen. Flott utsikt ned mot Øvre Krossdalen.

Parkering: Sjå "startpunkt"
Parkeringsavgift: gratis, men det er ei avgift for å køyre til parkeringa. 
Lengde: 1,5km
Total gangtid: 1,5 time 
Sesong: Mai - november 
Vanskegrad/gradering: ​​​​​​​Grøn, enkel 

Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Fonnavegen - Gjetingshaugen

Sider du nylig har besøkt