Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Forteller-teater på Giske - Nytt produkt

Bestill

Bli med tusen år tilbake i tid og opplev korleis det var å bu på Giske i vikingetida. Det blir historiefortelling og aktiviteter som både vil begeistre og bygge kunnskap.

Den mektige Arnungefamilia budde og regjerte på den lille øya Giske utanfor Ålesund for tusen år sidan. Dei fire brørne var blant Olav den Heilage sine næraste menn og hadde betydelige roller rundt kristninga av Norge.

No har du moglegheit til å kome tett på denne historia – framført av eit fortellerteater på staden der alt skjedde på 1000-talet.Historiane er basert på den eldgamle Snorre-sagaen, skrevet av Snorre Sturlasson frå Island.

Her vert du ein del av forestillinga og vil ta del i dei daglege oppgåvene på garden. Høyr på dei begivenhetsrike historiane om familien; om korleis de levde, og kven dei var. Opplev korleis det var å vere viking. Prøv typiske matretter frå vikingtida og la borna prøve vikingkle. Vikingane var kjend for si gjestfriheit og vi ynskjer deg varmt velkomen til Giske.

Framføringa avsluttast borte ved den 900 år gamle Giske kyrkje. Denne marmorkyrkja vart bygd av Torbergs oldebarn, son av fredskongen Olav Kyrre, som grunnla Bergen og oppførte den store Kristkyrkja som er ein del av Nidarosdomen.

Nokre av aktivitetane du får oppleve (3-4 per forestilling):

Kle deg om til viking (kun barn)

Lag brød på åpen ild

Lær deg lokal vikingdans og sang

Historiefortelling rundt bålet

Flette blomsterkranser

Tresverd for fekting

Smake på vikingmat

Vilkår og betingelser for grupper

Kapasitet per forestilling: 25 personar

Språk: Norsk og engelsk

Passer for: Barnefamilier og historieinteresserte

Bestilling kun på førespurnad, og kun på førehand.

Varigheit er inntil 2 timer per forestilling

Kle dykk etter veret. Det er også muleg å vere innendørs.

Passer dessverre ikkje for rullestolbrukere


Vennligst merk at Giske kyrkje er ei offentlig kyrkje for innbyggjarane på Giske, noko som betyr at vår forestilling kan kollidere med til dømes begravelser. I dette tilfellet, så utvidar vi oppholdet på amfiteateret.

Merk at dette ikkje må forvekslast med det kjende Giskespelet. Nytt Giskespel arrangerast neste gong i 2024.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Forteller-teater på Giske - Nytt produkt

Bestill

Sider du nylig har besøkt