Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Giske

Forteller-teater på Giske - sommarforestilling

Bli med tusen år tilbake i tid og opplev korleis det var å bu på Giske i vikingetida. Det blir historiefortelling og aktiviteter som både vil begeistre og bygge kunnskap.

Den mektige Arnungefamilia budde og regjerte på den lille øya Giske utanfor Ålesund for tusen år sidan. Dei fire brørne var blant Olav den Heilage sine næraste menn og hadde betydelige roller rundt kristninga av Norge.

No har du moglegheit til å kome tett på denne historia på engelsk – framført av lokale skodespelarar frå øya, i eit heilt nytt interaktivt fortellerteater på staden der alt skjedde. Historiane er basert på den eldgamle Snorre-sagaen, skrevet av Snorre Sturlasson frå Island.

Her vert du ein del av forestillinga. Høyr på dei begivenhetsrike historiane om familien; om korleis dei levde, og kven dei var. Kjenn på korleis det var å vere viking. Prøv typiske matretter frå vikingtida og la borna prøve vikingkle. Vikingane var kjend for si gjestfriheit og vi ynskjer deg varmt velkomen til Giske.

Praktisk informasjon

Kapasitet per forestilling: 25 personar
Språk: Engelsk
Passer for: Barnefamilier og historieinteresserte

Korleis komme seg til Giske

Det er parkeringsplass ved Giske kyrkje.
Det er også mogleg å ta buss fra Ålesund rutebilstasjon til Giske kyrkje.
Avreise frå Ålesund klokka 12.07
Retur frå Giske kyrkje klokka 17.09

Vi anbefaler eit besøk i Giske kyrkje i forkant av forestillinga. Kyrkja er Norges eldste marmorkyrkje, og vart bygd av etterkomarane til Arnungeætta.

Åpningstider for Giske kyrkje sommaren 2023: 10:00 – 17:00.
Åpent frå 3. juli til 12. august.

Privat framvisning

Det er også mogleg å bestille egen skreddersydd forestilling for grupper. Ta kontakt for mer informasjon.

Merk at dette ikkje må forvekslast med det kjende Giskespelet. Nytt spel arrangerast neste gong i 2024.

Last updated: 10/24/2023

Source: Ålesund & Sunnmøre

Forteller-teater på Giske - sommarforestilling

Sider du nylig har besøkt