Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Fossberg | Kafé

På Fossberg kafé kan du nyte heimelaga mat eller bakverk med utsyn over Lomseggen midt i Lom sentrum.

Fossberg kafeteria tilbyr god heimlaga mat og bakverk, og er ope heile året.

Anten du ute etter ein god tradisjonell middag, ein enkel lunsjrett, eit smørbrød eller ein kaffekopp, finn du det meste på kafeteriaen på Fossberg. Her har dei i over 100 år sørga for servering til både lokalbefolkning og besøkande. 

Om sommaren kan du nyte mat og drikke på den store uteserveringa -  i trivelege omgjevnader midt i sentrum av Lom, og med utsyn til Lomseggen. 

Fossberg kafé serverer alt i frå middagsrettar for store og små til mindre måltid, mineralvatn, fatøl og iskrem. Om du er ein av hotellet sine gjester, kan du hygge seg i den romslige spisesalen som er ideell for servering til grupper. Bar i peisestova med alle rettigheiter.

Fossberg kafé egnar seg godt for bussgrupper grunna stor kapasitet, hyggeleg atmosfære og god mat. Matservering tilpassa eige ynskje for kurs- og konferanse.

Last updated: 05/04/2021

Source: Visit Jotunheimen AS

Fossberg | Kafé

Sider du nylig har besøkt