Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

TripAdvisor rating of 3

37

Fossberg | Trim og trivsel

Ekstra energi, eller behov for å slappe av? På Fossberg hotell finn du både treningsrom, squashbane og svømmebasseng.

Fossberg hotell har eiget trim- og trivselsanlegg med svømmebasseng, boblebad, badstue, solarium, godt utstyrt treningsrom og squashbane.

Her kan du boltre deg i organisert og individuell aktivitet, eller berre slappe av i boblebadet eller badstua etter ein aktiv dag ute.

Svømmebasseng:
Svømmeavdeling omfattar svømmebasseng med djubde frå 1 - 1,90 meter. Barnebassenget har ein liten foss og passer svært godt til dei aller minste. Boblebadet har ekstra varmt vatn og plass til 8 vaksne. For å starte boblebadet treng du ein eigen polett som du kjøper i resepsjonen (kr. 20 for 15 min.). Bassengkanten er godt utstyrt med bord, stolar og liggjestolar. Barn under 15 år må ha med seg vaksne i bassenget.

Du finn to badstuer i tilknytning til garderobene. Badstuen blir slått på når du ynskjer det. Gje beskjed i resepsjonen med boblebad, motstraum og barnebasseng, badstue, og squashall.

Treningsrom: 
I styrke-og kondisjonsrommet på Fossberg hotell finn du treningsapparater for dei fleste av musklane i kroppen. Til oppvarming og kondisjonstrening fins tredemølle, ergometersykkel og step-maskin der du på ein enkel måte kan leggje opp løpet sjølv på kontrollpanelet. Du kan sjølv velje variasjon i intensitet og kor lenge innsatsen skal vare og du kan til kvar til fyljge med på hjartefrekvens og kaloriforbruk. I apparatdelen finn du det du treng for å halde dei fleste muskelgruppene i aktivitet.

Squash
Gira på squash? Det er mogleg på Fossberg hotell!

Squash eller skvåsj er ein innandørs racketsport. Mest vanleg er spel mellom to personar. I staden for nett i mellom som i tennis, går spelet her føre seg mot ein vegg. Spelarane slår ballen annan kvar gong. Squash blir spelt på innandørs baner som har fire veggar, og med standardiserte racketer og ein liten, hul, gummiball. Squash blir sett på som ein meget fysisk krevjande sport. 

Last updated: 02/03/2022

Source: Visit Jotunheimen AS

Fossberg | Trim og trivsel

Sider du nylig har besøkt