Fossestien
Vandre langs Fossestien til spektakulære fossar som ligg mellom mektige fjell og storslått natur.
Fossestien er ein skjult perle langs den Nasjonale Turistvegen Gaularfjellet, og tar deg nærare nokre av Norges mest imponerande fossefall Stien er ein del av eit fantastisk landskap, der naturens kraft verkeleg kjem til liv.
Spektakulære naturopplevingar i hjarte av GaularfjelletFossestien er ein lett tur som går over 500 høgdemeter og til saman 21 km. Turen passar for dei fleste og tar deg gjennom Gaularfjellet til Viksdalen via Eldal, Likholefossen, Longstølen og Torsnesstølen for å nemne nokon. Du kan starte vandringa del du vil, og du finn fire stader som er tilrettelagd med skilt, kart og parkering. Dei fire stadene er:
Torsnesstølen
Longestølen
Likholefossen
Eldal
Planlegg turen dinFossestien er perfekt for ein dagstur eller over fleire dagar. Ønskjer du å overnatte finn du gode overnattingsstader langs Gaularfjellet her. Når du skal vandre langs Fossestien er det lurt å ha med deg nok vatn, niste, og eit kamera for å fange det frodige landskapet, både med dyre og fugleliv, og kulturlandskap med aktive gardsbruk. Hugs å kle deg etter vêret, då forholda kan endre seg raskt. Stien er grus/stampa mold og går over ein del trebruer og klopper.
FiskekortDet er mogeleg å fiske langsmed heile elva, fiskekort kan løysast på butikkar og overnattingsstadane i området.
- Lett
- Høst
- Vår
- Sommer
- Brevandring
- Familievennlig
Kilde: Visit FjordKysten
Fossestien