Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Lom
TripAdvisor rating of 4

131

Fossheim hotell | Restaurant

Bestill

Fossheim hotell er kjent for sitt smakfulle kjøken og nyttar i størst mogleg grad råvarer frå lokale gardar, fiskevatn og fjell. 

Kjøkenet på Fossheim har vorte utvikla gjennom mange år, og norsk tradisjon og gode råvarer ligg i botn for det daglege arbeidet. Kokkane tenkjer lokalt i val av leverandørar og brukar i størst mogleg grad råvarer frå lokale gardar, fiskevatn og fjell. 

Det kan hende du kjenner ei fristande duft frå kjøkenet som lokkar deg ned til spisesalen. Heilt sidan 1978 da hotellvert Svein Garmo tok over drifta av hotellet, har fokuset vore mat og bruk av lokale råvarer.

Saman med Arne Brimi som byrja på Fossheim-kjøkenet same året som Svein tok over, bygde dei opp det som i dag er eit av Noregs beste hotellkjøken. På Fossheim er dei opptekne av å nytte mest mogleg lokale produsentar og råvarer, og hauste av nærområdet sitt.

Naturens kjøken: 
Lom er kjent for sin rike mattradisjon og har fostra nokre av landet sine fremste kokkar. Kjøkkenet følgjer årstidene og nyttar råvarer knytt til dei ulike sesongane. På Fossheim kan du velje mellom ulike menyar, frå enkle rettar til lang vinpakke-meny, og dersom du har spesielle ynskje vil dei gjere sitt beste for å tilpasse seg dine behov. Spisesalen er open for frukost for både buande og dei som ikkje overnattar på hotellet. Her kan du òg smøre matpakke til dagens tur. Prat med frukostvertane, så finn dei fram matpapir og hjelper deg med fyll av termos.

Når du kjem til Fossheim hotell, skal det vera som å koma heim til vertksapet. På Fossheim får du oppleva god mat tufta på lange tradisjonar.

Velkomen til Fossheim-restauranten -  for ei trivleg  og smakfull matstund! 

Sjå menyen her! 

Kilde: Visit Jotunheimen AS

0

Fossheim hotell | Restaurant

Bestill

Sider du nylig har besøkt