Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Lom

Fossheim steinsenter | Geologisk museum - utstilling - butikk

Bestill
Fossheim steinsenter-ProduktogArtikkelbilder_DMS-1200px
fossheim steinsenter
711x474_Fossheim_Steinsenter
fossheim steinsenter
Fossheim steinsenter_smykker4
Fossheim steinsenter_smykker
Fossheim steinsenter_mammuttann
Fossheim steinsenter_red
Fossheim steinsenter_red 1

Fossheim steinsenter er eit geologisk museum og smykkegalleri, butikk og verkstad i Lom nasjonalparklandsby.

Fossheim steinsenter er eit geologisk museum og smykkegalleri, butikk og verkstad. Med landets største utval av mineral og smykkesteinar er det mykje både å sjå og kjøpe her.

Totalt har vi stilt ut norske mineral frå litt over 700 forekomster, meir enn 30 ulike smykkesteinar og 20 facetterte mineral. Her finn du dessutan verdast eldste stein - ein meteoritt som er 4600 millioner år gamal.

I Holo sel vi steinkunst av alle slag; innramma steinskiver, dekorasjonsstein og ljos-fontener. Vi har eit stort utval i fossil - minne frå ei verd som eingong var. I Tunnelen sel vi steinalderreiskaper (ja, dei er ekte!) og kopiar av våpen og reiskap frå vikingtida. Kanskje skal det vere ei mammut-tann eller eit sjakkbrett i stein?

Museet hjelper deg med informasjon om kor du kan finne Tulitten, Noregs nasjonalstein, og med informasjon og kunnskap om Geo-stigen i Leirdalen. Over heile steinsenteret fins det fire lekre leilegheiter med Loms lengste solgang mot vest.

Gratistippen:
Til glede for ungar i alle aldrar fyller vi i sesongen dagleg på spennande steinprøver som du kan plukke med deg heilt gratis! Du finn gratistippen rett utanfor husveggen på steinsenteret.

Kilde: Visit Jotunheimen AS

Fossheim steinsenter | Geologisk museum - utstilling - butikk

Bestill

Sider du nylig har besøkt