Fossheim steinsenter | Gratistippen



På utsida av Fossheim steinsenter kan ungar leite etter fine og spesielle steinar i "gratistippen". Her blir det i sesongen dagleg fylt på med spennande steinprøver som du kan plukke med deg heilt gratis!
Fossheim steinsenter er eit geologisk museum og smykkegalleri, butikk og verkstad. Med landets største utval av mineral og smykkesteinar er det mykje både å sjå og kjøpe her.
Gratistippen:
Til glede for ungar i alle aldrar fyller vi i sesongen dagleg på spanande steinprøver som du kan plukke med deg heilt gratis! Dette er steinar som har vorte til overs i produksjonen, og som ikkje kan nyttast til andre formål. Her er det høve for å finne mange sjeldne og fargerike steinar. Dette er særleig stas for ungar, som ikkje treng betale for steinane dei finn.
Du finn gratistippen rett utanfor husveggen på steinsenteret, midt i Lom nasjonalparklandsby.
Kilde: Visit Jotunheimen AS
Fossheim steinsenter | Gratistippen