Lom
Fossheim steinsenter
Fossheim steinsenter er eit geologisk museum og smykkegalleri, butikk og verkstad i Lom sentrum. Her finn du landets største utval av mineral og smykkesteinar.
Fossheim steinsenter er eit steinmuseum kor det totalt er stilt ut norske mineral frå litt over 700 forekomster, meir enn 30 ulike smykkesteinar og 20 facetterte mineral. Her finn du dessutan verdast eldste stein - ein meteoritt som er 4600 millioner år gamal.
Fossheim steinsenter sel steinkunst av alle slag; alt frå innramma steinskiver og dekorasjonsstein til ljos-fontener, samt eit stort utval i fossil - minne frå ei verd som eingong var. Fleire steinalderreiskaper (ja, dei er ekte!) og kopiar av våpen og reiskap frå vikingtida er òg utstilt, som til dømes ei mammut-tann.
Museet hjelper deg med informasjon om kor du kan finne Tulitten, Noregs nasjonalstein, og med informasjon og kunnskap om Geo-stigen i Leirdalen.
Gratistippen:
Utanfor døra kan ungane leite etter fine steinar i "Gratistippen". Her blir det dagleg fylt på med spanande steinprøver som ein kan plukke med seg!

Kilde: Visit Jotunheimen AS
Fossheim steinsenter