Volda

Fottur fra Elvadalen til Årneset

  • Mylnefallet kraftverk
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 70309800

Ei perle av ein tursti midt i Volda sentrum. Her er det badeplass, sandvolleyballbane, diskgolf og Volda jeger- og sportsfiskarlag har naustet sitt her.

Ei perle av ein tursti midt i Volda sentrum. Turen går frå Volda sentrum og opp til Årneset ved Rotevatnet. Her er det badeplass, sandvolleyballbane, diskgolf og Volda jeger- og sportsfiskarlag har naustet sitt her. Du kan også ta turen innom stadion/Stadionparken der det har blitt eit flott aktivitetsområde. Denne turen går frå sentrum til Årneset. Om du vil, kan du gå fortsette turen når du kjem til Årneset, og gå/sykle rundt Rotevatnet.

Ruteskildring

Turen går på god grusveg med start i Volda sentrum vis-a-vis Sparebanken Møre sine lokaler. Turstien følger elva heile vegen opp til Årneset.

Tilkomst og parkering

Turen startar ved brua der E39 gjer ein 90-graderssving, like ved Halkjelsvikbil og Spinneriet Parkering i kjellaren på Spinneriet eller andre stadar i sentrum. Det er også greit å parkere ved Årneset viss du vil gå motsatt veg (ned til sentrum)

Kilde: Ålesund & Sunnmøre