Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Møre og Romsdal VANYLVEN

Fottur langs Kvanndalsveien - Kleivamannen

  • +47 70309800
  •  /  km From You
Overview

Flott tur på gruslagt turveg på fjellrygg over Børevatnet og opp til Kleivaskaret med flott utsyn.

Frå parkeringa går turvegen sørover langs ein fjellrygg over Børevatnet. Landskapet er ein kombinasjon av høgfjell og kystlynghei og er opent og flott med fleire vatn. Etter omlag 1,6 km kjem du til eit kryss med sittegruppe og eit informasjonsskilt om kven som bygde vegen. Her kan du anten fortsette sørover ca 600 meter til turvegen sluttar ved Trollekoppa, som er ei bru og ein os mellom Kvanndalsvatnet og Børevatnet. Eller du kan fortsette turvegen austover med slak stigning forbi Ris-støylen og opp ein liten bratt bakke opp til Kleivaskaret. Her sluttar turvegen, men det er berre 10 meter på god sti til Kleivamannen som utsiktspunkt. Det er fleire opparbeida sittegrupper langs turvegen. Går du tur/retur Kleivamannen er turen akkurat litt lenger en grøn gradering, men sidan ein sjølv vel kor langt ein vil gå på god gruslagt turveg er turen sett til grøn i staden for blå gradering.
Området har mange andre rundturarar eller toppturar som har parkeringa eller denne turvegen som utgangspunkt.
Frå Sørbrandal køyrer du opp bomvegen "Brandalsvegen" til Børevatnet. Parkering anten ved osen på vatnet eller køyr vidare opp ein litt bratt grusbakke til opparbeida parkeringsplass.

Kategori: Tilrettelagt for bevegelseshemmede / Grønn tur


  • Last Updated:
  • Source: Ålesund & Sunnmøre
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages