Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Fosnavåg

Fottur over Kvalsvikryggen fra Fosnavåg

Kvalsvikryggen er den lettgådde fotturen som går på toppen av dei forrevne klippene som stuper ned mot Atlanterhavet med vakker utsikt mot Runde, Skorpa, Sunnmørsalpane og Svinøy fyr.

Stien over Kvalsvikryggen går frå Golleneset til Mulevika i Kvalsvika på Nerlandsøy i Herøy Havlandet. Turen er omlag 8,5 km, og den totale stigninga er 448 meter. Dei fleste går turen på rundt 3,5 timar, men rekne god tid - her er det fin utsikt, og du vil sikkert ta mange pauser og mange bilder!

Her går dyr ute på beite heile året, så hundar skal haldast i band. Ikkje legg att noko i den sårbare naturen. Ta omsyn til dyr og fuglar, her er det du som er på besøk.

I juli 2022 kan du kvar dag vere med på båttur til Kvalsvik hamn frå Fosnavåg sentrum før du går turen over Kvalsvikryggen, og vi hentar deg etter turen med buss eller taxi!

Last updated: 01/29/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Fottur over Kvalsvikryggen fra Fosnavåg

Sider du nylig har besøkt