Hareid

Fottur på Rotarystien

  • Gapahuk i Kaldholen
  • Rotarystien på Hareid
  • Kverhuset på stien
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 70309800

Hareidselva renn frå Grimstadvatnet til sjøen. Langs elva og vatnet er det gruslagt tursti, kalt Rotarystien.

Frå fjorden til enden ved Kaldholen er det om lag 5 kilometer. Ein kan gå eller sykle heile turen, eller gjere eit innhopp fleire andre stader. Ved Røysetvegen er det laga ny parkeringsplass.

Det er Hareid Rotaryklubb som har opparbeida turstien. Dei står også bak gapahukene langs turstien. Her kan ein grille, brenne bål eller berre slappe av på ein benk.

Grimstadvatnet er eit naturreservat med rikt fugleliv.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre