Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Jotunheimen Lom

Fottur til Glittertind - 2465 m.o.h.

  • Postboks 63, Lom
  • +47 61212990
  •  /  km From You
Overview

Norges nest høgaste fjell Glittertind, som ligg 2452 m.o.h., er ein majestetisk tind med flott utsikt utover store delar av Jotunheimen.

Norges nest høgaste fjell Glittertind, som ligg 2452 m.o.h., er ein majestetisk tind med flott utsikt utover store delar av Jotunheimen.

Beste utgangspunkt: Glitterheim turisthytte (1390 m.o.h.)
Høgdeforskjell: Ca. 1000 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 6–8 timar (tur-retur). Totalt 16 km.
Ver obs på: Tidvis overhengande toppskavl
Vegval: Lang tur med jamn stigning
 

Toppen av Glittertind er dekka av ei praktfull snø- og iskappe, og har fått namnet sitt frå elva Glitra, som renn frå Glitterholet i Visdalen. Fjellet ligg nordaust i Jotunheimen mellom Visdalen og Veodalen i Lom kommune i Oppland fylke.

Landets nest høgaste topp er ein relativt enkel tur frå Glitterheim turisthytte. I motsetnad til Galdhøpiggen, som ble besteget regelmessig utover 1860-tallet, var det lite trafikk på Glittertind. Den enklaste ruta går vestover via Steinbudalen og følgjer sommarstien aust for Glitterbrean eller oppover sjølve breen. Mot toppen held ein fyrst mot høgde 2274, før ein kjem opp og vrir inn på ryggen mot sjølve toppen. Vel oppe kan du nyte ei av landet sine flottaste utsikter. Toppunktet har utoverhengjande skavlar, så ikkje gå for langt ut på kantane.

Frå Spiterstulen:
Det er og mogleg å strarte turen til Glittertind frå turisthytta Spiterstulen i Visdalen. Da går du nordaust over Skautkampan, over Skauta og vidare langs Steindalselve og ryggen austover til toppen. Retur same veg, eller ned til Glitterheim. På denne turen må du rekne med å bruke rundt 9 timar. 

Adkomst: 
Til Glitterheim: Med eigen bil over Valdresflya, tek ein av Fv 51 i Randsverk og køyrer 23 km etter grusvei (bomveg) fram til parkeringsplassen på nasjonalparkgrensa i Veodalen. Parkeringa er gratis. Frå her er det ca. 1,5 times gange eller ca. 45 min. sykkeltur på grusveg fram til Glitterheim - ca. 7 kilometer. Her er det mogleg å leige sykkel for å kome seg inn til Glitterheim. Henting av bagasje etter avtale med vertskap

Om ein kjem frå vest (Lom), følg Rv 15 til Garmo, og sætervegen Hesthagen - Smørli (bomveg). Det er ca. 40 km frå Lom til nasjonalparkgrensa.

Om sommaren går det tog/buss frå Otta til Randsverk eller buss via Fagernes til Randsverk. Her er det taxi inn til nasjonalparkgrensa i Veodalen. 

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages