Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)

Ulvik

Fotturar i Ulvik

Mellom bakkar og fjell utmed havet, finn du mange flotte og godt markerte turstiar rundt om i Ulvik. Opplev Ulvik frå dei beste utsiktspunkta Hardanger har å by på; anten det er lavtliggjande sentrumsnære spaserturar eller meir intense toppturar med forførande utsyn over fjell og fjord.

Ulvik byr på fleire gode og merka turar, anten du vil ha svimlande toppturar eller ynskjer ein roleg spasertur i flotte omgjevnadar. Mellom svulmande epletre, glitrande fjordar og stupbratte fjell, finn du garantert ein tur som passar deg. 13 av stiane er merka med skilt, som indikerer grad av vanskelegheit og kva veg ein skal fylgje. Nokre populære alternativ er: 


- Kvasshovden. 0-1030 m.o.h. med start ved Ulvik Fjord Hotell. Nokre stykke er bratte og krevjande, men utsikten frå fjelltoppen er vel verdt strevet.
- Osa-Ossete. Merka sti frå Osa sentrum med middels vanskelegheitsgrad som tek ca 3-4 timar tur-retur. Turen går opp langs Norddalen til eit flott,                            urørt stølsområde med ei spektakulær utsikt over Osafjorden. 
- Den Gamle Postvegen mellom Granvin og Ulvik. Turen tek rundt 3 timar ein veg langs ein fjellveg mellom dei to bygdene. Turen har middels                                   vansklegheitsgrad, og byr på flotte utsiktspunkt og opplevingar både undervegs og ved nedstiging til dei enkelte bygdene.Start i    anten Granvin eller Ulvik.

Kart og informasjon er tilgjengeleg på Ulvik Turistkontor. Kom innom, så hjelper me deg å finne ein tur best tilpassa deg og dine ønskje.


Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Fotturar i Ulvik

Sider du nylig har besøkt