Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Sognefjorden Lærdal

Fotturar Lærdal - Historisk Rute

  • +47 99231500
  •  /  km From You
Overview
Details

Dei mange historiske vegane i Lærdal er både nasjonale turistattraksjonar og gode turvegar. Rundt Borgund stavkyrkje finn du Sverrestigen, Vindhellavegen, Seltåsen og Galdanevegen. Mellom Kyrkjestølen på Filefjell og Maristova går 15 km av den gamle Kongevegen mellom Austlandet og Vestlandet. Sverrestigen går mellom Husum og Borgund stavkyrkje. Namnet kjem frå Sverresoga.

Tilkomst: Buss eller bil. Parkering ved Rimskjold ungdomshus eller Borgund stavkyrkje.

Vindhellavegen går mellom fjellpasset Husum og Borgund stavkyrkje. Vindhellavegen i kombinasjon med Sverrestigen er ein kjempefin rundtur.

Tilkomst: Vegen er lett å gå frå Borgund stavkyrkje til Husum. Buss eller bil. Busstopp/parkering ved Borgund stavkyrkje. Vegen over Seltåsen Fin turveg der ein passerer fleire utsiktspunkt mot husmannsplassen Galdane og fossen Sokni. Vegen over Seltåsen er eit imponerande byggverk på over 18 meter høge murar. Tilkomst/parkering ved rasteplassen Koren. Galdane-Seltåsen Vakker rundttur med start frå Seltun eller Sjurhaugen. Forbi husmannesplassen Galdane og ned att med Lærdalselva. Turen tek ca 4 timar.

Øygardsvegen Øygardsvegen bind saman Vindhellavegen og Sverrestigen med Seltåsevegen og kongevegen over Galdane. Han tek av like før Nedre Kvamme Bru (500 m nedanfor Husum). Her fin du restar av alle gamle vegar. Tilkomst: buss eller bil. Parkering ved Husum eller Sjurhaugen Toalett ved Borgund stavkyrkje og rasteplassen Koren EIGEN FOTTURBROSJYRE FOR HISTORISK RUTE

For meir infro eller andre turforslag ta kontakt med Turistkontoret på Lærdalsøyri


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Jakt og fiske
Fisking
  • Fiskekort påkrevd

Planlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Bussparkering
  • Parkering
Tjenester
  • Valutaveksling
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad