Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Sognefjorden Lærdal

Fotturar rundt Lærdal sentrum

  • +47 99231500
  •  /  km From You
Overview

Sentrum-Hedler-Mjølkeflaten-Stødno-Øyabrua-Sentrum
Start frå sentrum. Gå over brua mot Fodnestunnelen (riksveg5) og ta til venstre. Gå langs stranda. Du kan gå Mjølkeflaten (81m.o.h) direkte eller om Jektesanden. Frå Mjølkeflaten går du vidare mot Stødno, gardsvegen til Øyabrui og vidare langs elva mot sentrum. Runddturen tek omlag 2 timar.

Sentrum – Storehaugen – Hogneåsen – Habben – Sentrum
Start frå Sviggum (krysset der vegen mot sjukehuset går); her er det godt merka sti heilt opp til Storehaugen vel 900 moh. Du kan returnera same veg, eller du kan gå på sti i om lag same høgd vestover til du kjem til stølen Hogneåsen (knapt 2,5 km i luftlinje). Herifrå går det god sti heilt nedatt til bilvegen, du kjem ned ikkje langt frå Lærdal hotell og kan returnera til sentrum eller Sviggum til dømes gjennom Gamle Lærdalsøyri

Sentrum -Oftedalen
Start ved Oftebrua som ligg cirka 300 meter aust for sjukehuset (cirka 2 km frå sentrum, ein kan gå frå sentrum til Øyabrua langs elva. ) Gå oppover langs elva Ofta på venstre side til stølsbrui, over denne til informasjonstavla der stølsvegen byrjar. Grei veg med turrettleiing og stadnamnskilt. Det er vakkert kulturlandskap og fin utsikt mot dalen og fjorden. Oftedalen ligg ca 780 m.o.h. og turen tek omlag 2 - 3 timar frå Ofta. Alternativt kan ein ta miniturar til Nedre Vangen (85 m.o.h.), Øvre Vagen (180 m.o.h) eller Løberghaugen (375 m.o.h.)


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad