Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Vossestrand

Frå heimekontor til bortekontor i Myrkdalen

Book

Er du lei av heimekontor og treng litt variasjon i kvardagen? Ta med laptopen til Myrkdalen Hotel og få ny motivasjon og nye impulsar i vakker vestlandsnatur.

Byter du ut heimekontor med bortekontor nokre dagar, vil du få nye idèar, meir arbeidslyst og motivasjon i kvardagen. Kombiner produktive arbeidsøkter på eit behageleg og romsleg hotellrom, med skikøyring i eit av dei mest snøsikre skianlegga i Noreg. I Myrkdalen tek me fleksible arbeidsdagar til nye høgder - bruk det kjærkomne dagslyset til herlege naturopplevingar og forskyv arbeidsøkta til ettermiddagen. Vestlandets største skisenter: Rett ved Myrkdalen Hotel ligg vestlandets største skisenter med løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løyper og herleg off-piste terreng. Her ligg alt til rette for å ta ein kjapp tur i bakken i pausen, eller tilbringa heile dagen på ski. Pust ut i Årmotslia Langrennsarena: Spenn på deg langrennsskia utanfor hotellet og legg ut på treningstur i Årmotslia Langrennsarena. I vintersesongen ligg ca 30 km preparerte langrennsløyper i kupert terreng og ventar på deg. Dagstur eller med overnatting: Ynskjer du opphald over fleire dagar anbefalar me midtveketilbodet på Myrkdalen Hotel som inkluderer overnatting og 2-dagar heiskort. Du kan også bestilla rom på Myrkdalen Hotel til kontor på dagtid frå kl. 07.00 - 19.00. Velkomen til ditt nye heimekontor!

Last updated: 08/14/2023

Source: Destinasjon Voss

Frå heimekontor til bortekontor i Myrkdalen

Book

Sider du nylig har besøkt