VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
close
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway


Fransøyra hytteutleige

  •  /  km From You
Overview
Details

Velkomen til Fransøyra Hytteutleige!

Desse hyttene ligg i Utvik i Stryn kommune, 44 km frå Stryn sentrum.
Hyttene ligg 3-5 m frå strandkanten av den vakre Nordfjorden. Her kan du fiske i fjorden eller berre ta ein rotur. Begge hyttene disponerer robåt. Her er og eit unikt turterreng i skog og fjell.
Hyttene ligg ca. 400 m vestover frå Utvik sentrum. I sentrum er kolonialbutikk, kafé, kunstutstilling og kunsthandverk. Her finn du og Utvik kyrkje. Den er open på dagen om sommaren.

Om vinteren kan Utvikfjellet by på eit flott skiterreng. Her kan du ta turer langt inn i fjellet heilt til Jostedalsbreen. Eller du kan velge alpinbakken og skitrekket.
Utvik ligg midt i Nordfjord. Herfrå kan du ta turer til Briksdalen – Lodalen – Strynefjellet og Geiranger. Du kan også ta turen til Selje og Vestkapp.
I Jølster, på Sandane og i Hornindal er det museum av ulike slag. Det er og mogleg å rafte i elva Jølstra.
På Fjordhestgarden på Breim kan du ta rideturar på den staslege fjordhesten. Korte eller lange turar for barn og vaksne.

Hyttene inneheld 2 soverom med doble senger. Hems med 3 madrasser, dusj, WC og vaskemaskin for kle. I kjøkkenkroken er det komfyr, oppvaskmaskin, kjøleskap med fryseskap og kaffitrakter.
Stova har peisomn og TV. Du kan gå direkte frå stova og ut på ein veranda med hagemøbler og grill.
Velkomen til ein stille og roleg ferie mellom fjord og fjell, ein plass med mange naturopplevingar.


  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord

Generelt

Landskap
  • Kystområde
  • Fjordområde
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages