Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Lom
TripAdvisor rating of 4.5

29

"Frose i tid" | Brearkeologisk utstilling på Norsk fjellsenter

«Frose i tid» – verdas største utstilling av funn frå isen i den norske fjellheimen - på Norsk fjellsenter i Lom

Visste du at over halvparten av alle arkeologiske funn på is i heile verda, er gjort høgt i fjella kring Lom? Nå kan du studere 100 av desse funna i utstillinga "Frose i tid" på Norsk fjellsenter i Lom.

Tenk. Ei 6000 år gammal pil, ei hestetruge, ein vott frå vikingtid, ein hund med halsband og verdas best bevarte forhistoriske skipar har alle hatt sine år i isen. 

Isen smelter i fjella. Fram kjem ting forfedrane våre gløymde eller mista på jakt og tur for fleire tusen år sidan. Dei siste 20 åra har arkeologar gjort unike funn i den norske fjellheimen- over halvparten av dei i Lom! 

Bli med på ei tidsreise, inn i eit univers av is, og sjå:
• 100 funn frå isen i fjella kring Lom.
• Verdas best bevarte forhistoriske skipar med bindingar.
• Eit 6100 år gammal pilskaft frå eldre steinalder.
• Skjelettet av ein 500 år gammal hund med halsband.
• Noreg si eldste sko – 3400 år gamal
•Eit 1000 år gammalt spyd, over 2 meter langt.
• Eit sverd, ei øks og pilspissar frå ei vikinggrav.

«Frose i tid» er verdas største utstilling av funn frå isen i den norske fjellheimen, og opna sommaren 2023. Du ser ho på Norsk fjellsenter - der folk og fjell møtest, som er eit besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen.

Utstillinga «Frose i tid» er ope heile sommaren 9-19 (9-17)11. juni-15. august kl. 9-19 (9-17).

Kontakt: 
T: +47 61 21 16 00

E: post@norskfjellsenter.no

N: www.norskfjellsenter.no

Kilde: Visit Jotunheimen AS

0

"Frose i tid" | Brearkeologisk utstilling på Norsk fjellsenter

Sider du nylig har besøkt