Ulvik

Frystetjørn

  • Stille fjellvatn ved Frystetjørn med hytte i furuskogen og gul kano ved breidda – perfekt stad for rolege naturopplevingar i Hardanger.
  • Frystetjørn i kveldssol med små hytter, stille vatn og kano – eit idyllisk og skjermet turområde i Hardanger.
  • Startpunkt for turen til Frystetjørn ved Vallavikvegen i Vambheim – enkel tilkomst med bil.
  • Turkart som viser merka rute frå Vambheim til Frystetjørn i Hardanger.
  • Send oss en epost

  • +47 40 00 71 99

Frystetjørn er eit lite vatn som ligg fint til i skogen oppunder midfjell i Ulvik. Her finn du ro og fred, og er det ein varm sommarsdag er det fint å ta seg eit bad her. Ein kan gå turen frå sentrum i Ulvik, eller bruke sykkel for å kome seg eit stykke på vegen. Langs vegen er det mange fine utsiktspunkt mot fjella på andre sida av fjorden.





Startpunkt

Ta av frå Vallavikvegen 572 like etter passering av brua over Vambheimselva i retning ut fjorden. Følg skilting til Frystetjødn opp Vambheimsvegen. Ta skarpt til venstre like etter passering av Lisebrekke.



Om løypa



Frå sentrum er dette ein skikkeleg fin dagstur, med start langs bilvegen og så ut på grusveg. Ein kan og køyre ein stor del av turen for å spare både lengde og høgdemeter, men det er begrensa plass til parkering. Frystetjødn ligg 507 meter over havet, og det er litt over 6 kilometer ein veg frå sentrum. Ved enden av grusvegen kan ein gå turen vidare som ein rundtur naturleg sti og traktorveg. Begge vegar er merka til Frystetjødn.





Parkering: Begrensa plass, men mulig å parkere ved enden av grusveg.

Bompenger.

Lengde t/r: 5 km (frå skogsbilvegen), 13 km (frå Ulvik).

Total stigning: 230 meter (frå skogsbilveien), 500 meter (frå Ulvik).

Total gangtid: 2 timar (frå skogsbilveien), 5 timar (frå Ulvik sentrum).

Sesong (gjennomsnittlig år): Mai - september


  • Sommer
  • Vår

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS