Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Brandal

Fugl- og selsafari med Polarstar

Bestill

Brandal – Runde med Polarstar 14. juni 2023 Til fugleøya Runde på fugl- og selsafari. Onsdag 14. juni 2023 kl. 18.00

Turen går med den polarhistoriske, ishavsskuta «Polarstar», Noregs første selfangstskute bygd i stål i 1948, til den berømte fugleøya Runde, ytst mot storhavet. Øya er ein populær utfartsstad året rundt, men er spesielt spanande om sommarstid på grunn av det yrande fuglelivet. I sesongen finst det mellom 500.000 og 700.000 sjøfugl på øya, dei fleste lever på fuglefjellet. Runde er ei av mange øyer i øygruppa «Sørøyane» sørvest for Ålesund. Det er den sørlegaste fuglefjellet i Norge, og den største fugleøya sør for polarsirkelen. Turen startar på Brandal kl. 18.00 Deretter set vi kursen for Runde fyr og vidare rundt til fuglefjellet. På returen går vi nær Grasøyane på selsafari og kanskje er vi heldige og ser sel på turen. Tilbake i Brandal kl. 22.00. Inkludert i prisen er ein spanande båttur med veteranskuta Polarstar, servering av fiskesuppe brød, og kaffi.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Fugl- og selsafari med Polarstar

Bestill

Sider du nylig har besøkt