Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Overview
Details
Meeting Facilities

Denne fjellturen fører til den nyrestaurerte fjellgarden Fuglesteg. Turen byr på fint utsyn over Fortunsdalen og Skjolden.

Parker på plassen ved butikken i Fortun, 5 km frå Skjolden på riksveg 55 mot Lom.  Følg så riksveg 55 frå parkeringsplassen mot Sognefjellet. (I svingen har du godt utsyn over området der den gamle Fortun stavkyrkje stod)

Etter 500 m: Ta til høgre gjennom grinda og inn på traktorvegen.Følg traktorvegen til Vetleåsen. Ta av til venstre på Vetleåsen.

Traktorvegen stig skrått oppover mot Vetleåsen. Her tek vegen av til venstre, og vi byrjar på den bratte stien opp mot Fuglesteg. Garden vart utskilt som eige bruk i 1650, og var kyrkjegods under kyrkja i Dale i Luster fram til 1840 då Sølfest Nilsson fekk kongeskøyte på garden. Det var Sølfest som bygde det store våningshuset i stein som no er reist på nytt på garden. Sølfest kom frå Ormelid, og bror hans som dreiv garden der, bygde eit liknande steinhus noko tidlegare. Det heiter seg at Sølfest brukte fem år på huset som stod ferdig ein gong mellom 1810 og 1830. Det var ikkje alltid lett å komma til og frå bygda for dei som budde på fjellgarden. Særleg hardt var det for borna som skulle til skulen i Fortun på isglatte veger vinterstid. Broddar var ein viktig del av utstyret. I 1968 blei Fuglesteg fråflytta,


Den 7.mai 1985 kom grasbrenning på garden ut av kontroll, og alt treverket på det gamle våningshuset brann opp. Murane stod dermed utan vern, og vart etter kvart øydelagde av frost og vatn. Framtida såg trist ut for fjellgarden Fuglesteg.


Men etter fleire år med planlegging og pengesamling starta Luster Turlag våren 2004 restaurering av steinstova med økonomisk støtte frå Luster kommune, Kulturdepartementet, Olav Thon og familien Fuglesteg, og mange frivillige dugnadsfolk.

Fuglesteg er no ein del av DNT sitt hyttenett, og staden er svært populær. I 2005 hadde huset over 2000 gjester etter opninga den 3. juli, dei fleste på dagsturar.


Frå Fuglesteg kan ein gå vidare på ein tydeleg stig som fører til stølen i Berdalen. Derifrå går det sommarbilveg til Turtagrø og bomveg til Årdal.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Generelt

Rabatt
  • Fjord Pass

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Valutaveksling

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Vandring
  • Jakt og fiske
Sykling
  • Sykkelutleie
Fisking
  • Fiskekort påkrevd

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Bussparkering
  • Parkering
Tjenester
  • Valutaveksling

Aktiviteter

Shopping
  • Smykker
  • Souvenirbutikker
Facility Info
  • Kopimaskin true
Click to activate
Luster, Norway
The latitude and longitude
61° 29' 42" N / 7° 41' 20" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad