Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Fyresdal
TripAdvisor rating of 5

1

Fyresdal bygdemuseum

Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og gardshus frå mellomalderen og framover. Bjørnstadstoga frå 1600-talet vart bruka som tingstoge.

Fyresdal bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Det ligg vakkert til i Øyskogen, ein park i sentrum av Fyresdal.

Bygdemuseet har bygningar og gjenstandar frå mellomalderen og frametter, og gjev glimt frå den eldste historia til Fyresdal.

Husa i museet er opne i sommarsesongen. Det er ingen fast omvisar, og tilgang er gratis.

Gravhaugane
I hundrevis av år har Øyskogen vore heilag grunn.

For akkurat her finn me eit av Noregs vakraste gravfelt frå folkevandringstid.
Det er ingen tvil om at det har vore ein sentral kultstad i historisk tid.

Å byggje ein gravhaug var ei viktig religiøs og politisk handling. Den var eit maktsymbol både for personen som ble hauglagt, for ætta og bygda.
Men haugen var også ein kultstad for å oppnå direkte kontakt med både forfedrane og gudane gjennom blót.

Ein gravhaug kunne variere i storleik, og ein trong god planlegging og godt med arbeidskraft og ressursar for å byggje ein.

Folk hadde ikkje råd til å byggje store flotte haugar til alle, og difor vart oftast berre ein i kvar generasjon hauglagt. I folkevandringstida var det også vanleg å ha større felt med haugar, som her i Øyskogen.

Ein trur at gravhaugane i Fyresdal er bygd i yngre jernalder, det vil seie frå 400 – 600 etter Kristus. Det betyr at nokre av haugane kan vere 1600 år gamle.

Folkestadbyen
I andre halvdel av 1800-talet vaks det fram ein «by» i Fyresdal - Folkestadbyen.

Folk flytta fra gardane og søkte lønsarbeid, til dømes i skogbruket, og slo seg ned der det var høve til handel og transport. Byen oppstod kring handelslaget på Folkestad, som knutepunkt mellom båttrafikk på Fyresdalsvatnet og køyrevegen til Bandakslid.

I 2015 blei det sett opp skilt så ein kan ta ein «byvandring» i Skippergata og Lensmannsgata, og lese om dei einskilde husa der.


Omvisingar for grupper på bygdetunet er mogleg og kan tingast ved å kontakte Vest-Telemark Museum (e-post: booking@vtm.no) 

Kilde: Vest Telemark

0

Fyresdal bygdemuseum

Sider du nylig har besøkt