


På denne turen blir ein kjent med Fyresdal sentrum. Folkestadbyen og bygdetunet Øyskogen med sine 18 gravhaugar og gamle tømmerhus, er noko av det vandrarane passerar.
Kulturminneløypa har sitt utgangspunkt i Fyresdal sentrum ved Bygdetunet Øyskogen. Har kan du velje om du vil gå heile løypa. Heile turen tar i underkant av ein time i alminneleg turtempo. Turen stiller ikkje særlege krav til fottøy eller form – den eignar seg godt for både barnefamiliar og eldre. Det meste av løypa kan gjennomførast med rullestol.
Parkering og start i Fyresdal sentrum v/ Bygdetunet Øyskogen.
Turfakta: 3 km rundløype, 1 time, lett tur.
Tilgang: april-november
Bygdetunet Øyskogen har eit av dei største gravfelta i Telemark. Husa på bygdetunet er frå 1500- til 1800-talet. Om sommaren kan du få omvising.
Kilde: Vest Telemark