Deknepollen

Fyrkafé på Ulvesund Fyr

Bestill
  • Ulvesund fyr
  • Ulvesund fyr
  • Ulvesund fyr
  • Ulvesund fyr
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 95240487

  • Ulvesundvegen 270

    Kinn, Vestland

    Vis i kart

Ein kreativ sommarkafé i den levande fyrhagen på Ulvesund fyr – med heimelaga mat, hjartevarme og utsikt mot havet.

Velkomen til fyrkaféen – ein kreativ sommarkafé open kvar dag frå 28.juni til 10.august. Opningstidene er kl. 13–18. Kaféen held til i den levande fyrhagen på Ulvesund fyr – der historie, hav og hjartevarme møtest.

Her vert det servert heimelaga mat og drikke med smak av sommar, hav og hage. Den sjølvkomponerte fiskesuppa – som seiast å vere «verdens beste» – er blitt ein signaturrett. Suppa er glutenfri og vert servert med varme, heimebakte rundstykker.

Rosebladar, rips, stikkelsbær, blåbær og eple frå hagen vert til saft, syltetøy og kaker gjennom sesongen. På menyen finn du:

Heimelaga saft og syltetøy

Nysteikte vafler med unike smakar

Heimebakte kaker med bær og frukt frå hagen

Is med lun bærsaus

Kaffe, te og kakao

Glutenfrie og laktosefrie alternativ etter beste evne

Ein kreativ fyrkafé er meir enn ein kafé – det er ein møtestad, ein pauseplass og eit pusterom i kystlandskapet. Her kan ein smake på naturen, kjenne på roen og nyte ein kopp kaffe medan ein ser båtar gli forbi i skipsleia.

Velkomen inn!

Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord