Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Hardbakke

Fyrsafari til Utvær

  • +47 97018145
  •  /  km From You
Overview

Utvær, som ligg 8 km vest for Ytre Sula, er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Staden har både historisk sus og ein natur som fengjer. Kvar sundag i sommar kan du bli med på fyrsafari frå Hardbakke til Utvær. Turen tek 3 timar, med omlag 2 timar stopp på Utvær. Her blir det guida omvising og høve til å gå opp i det flotte fyret.

Utvær er eit gamalt fiskevær. Det er ingen fastbuande der i dag, men om sommaren er det mykje feriefolk. Utsikta frå fyret er utruleg flott. Bli med på ei vandring på øya der du besøker Edens Hage, tufter etter kapellet som vart flytta i 1718 og merke etter sliping av sverd. Det mest fasinerande er likevel naturen og havet – lengst vest i Norge.

Utvær er kjent frå historia heilt attende til vikingtida. I 1066 segla Harald Hardråde ut frå Solund då han skulle freiste å legge under seg England. 200 skip og dertil proviantskip og småskuter var samla. Soga seier at ein del av skipa gjekk ut frå Utvær. Slaget enda med fall ved Stamford Bridge. På austsida av vågen ved Likberget ser ein nokre spor i berget. Historia fortel at det er spor etter vikingane som slipte sverda sine før dei drog over havet på vikingferd..

I alle år var fisket hovudnæringsveg på Utvær. Kort veg til fiskefelta gjorde været til eit senter i sesongbaserte fiskeri.

Det var i året 1900 det monumentale fyrtårnet vart satt opp. Fyrtårnet i støypejern ragar 31 meter over berget og sender lyskjegla i 45 meters høgde over havflata. Lysblinken kvart 30.sekund når 35 km ut i Nordsjøen.

Dette opplever du:

Turen startar med avgang frå Hardbakke, kommunesenteret i Solund. Avhengig av været vil turen gå nord eller sør for Ytre Sula og gjennom øyriket i Solund. Det vert ikkje lagt opp til stopp på turen til Utvær. På Utvær går du på Nordsjøløypa rundt øya, med båtføraren som guide. Det vert også høve til å gå ein tur opp i fyret for dei som ønskjer det. Returen til Hardbakke går via Notøy, Husøy og Indrevær til Kolgrov, og deretter videre til Hardbakke. Det er ingen servering på turen, så ta med niste etter eige ønskje, og hugs fotoapparat!
 
Ruta er ei bestillingsrute, og du må bestille turen innan kl 18.00 dagen før du skal reise. Vi må ta atterhald om at værforholda tillet at vi utfører turen. Turen krev minimum 5 påmeldte for å gå.

Påmelding til telefon 97 01 81 45, eller Turistinformasjonen i Florø 57 74 30 00.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Click to activate
Solund, Norway
The latitude and longitude
61° 2' 15" N / 4° 30' 38" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad