Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

TripAdvisor rating of 5

31

Fyrst og Fremst | Grottetur i Dumdalen

Book

Gira på å utforske 10.000 år gamle kalksteinsgrotter? Fyrst og Fremst tek deg med på ei guida oppleving i undergrunnen i Dumdalen langs Sognefjellsvegen.

Kalksteinsgrottene i Dumdalen byr på underlege og utrulege bergformasjonar, og dette i ei stillheit som berre vert avbrote av den mektige elvebrusen som dundrar gjennom dalen.

Kalksteinsgrotter vert danna når vatn trengjer inn gjennom sprekkar i fjellet, og dette vil over tid løyse opp og føre med seg dei svake og vassløyselege bergartane. Grottene vil med det få ulik form, storleik, lengde, høgde og retning, alt etter kva fjellet består av og kor vatnet finn vegen. I Dumdalen, innunder Sognefjellet og vest for Lom, finn vi mange spektakulære grotter. Dei fleste grottene her vart danna for om lag 10 000 år sidan, under den siste istida.

Frå parkeringa langs Sognefjellsvegen ber det innover dalen. Turen startar i det enkle med store opne grotter der lyset kjem inn gjennom sprekkar i fjellet. Lengre inn i dalen vert grottene lengre og smalare, og det einaste ljoset ein har til hjelp er frå hovudlykter. Om du ikkje trivst best inne i dei smalaste gangane i fjellet, vil du likevel kunne få ei storslått oppleving i idylliske Dumdalen. Den kalkrike berggrunn bidrege til eit rikt planteliv, og spektakulære formasjonar finn vi så vel ute som «inne».

Kontakt oss for spørsmål og bestilling.

Last updated: 04/12/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

Fyrst og Fremst | Grottetur i Dumdalen

Book

Sider du nylig har besøkt