Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Gudbrandsdalen Lom

Fyrst og Fremst - guiding og aktivitetar i Lom og Jotunheimen

  • Ulstadveg 26, Lom
  • +47 93661118
  •  /  km From You
Overview

Fyrst og Fremst er eit guide- og aktivitetsselskap med base i Lom og Jotunheimen. Saman reiser vi på jakt etter minnerike opplevingar, for vi har fyrst og fremst eit mål om å leggje til rette for dei gode opplevingane ute i naturen. Med Jotunheimen og Breheimen som arena, skal vi verte fyrst og fremst på å tilby storslåtte fjellopplevingar.

Fyrst og Fremst er eit guide- og aktivitetsselskap med base i Lom og Jotunheimen. Saman reiser vi på jakt etter minnerike opplevingar, for vi har fyrst og fremst eit mål om å leggje til rette for dei gode opplevingane ute i naturen. Med Jotunheimen og Breheimen som arena, skal vi verte fyrst og fremst på å tilby storslåtte fjellopplevingar.

Vi inviterar difor til aktive opplevingar i ei trygg og avslappa ramme, der meistring står i høgsetet. Gjennom ei aktiv deltaking og oppleving med fleire sansar, skal vi saman jakte dei magiske augeblikka.​

Kvifor Jotunheimen? 

Stabilt vêr og storslått natur.  Jotunheimen er unik når det kjem til naturopplevingar i høgfjellet. Det er eit stort fjellområde med mange av dei høgaste toppane i landet. Mellom dei høge toppane finst det og mange større og mindre isbrear som bryt opp landskapet. Kalksteinsgrotter er ikkje like synlege, men er og eit resultat av smeltevatn som har grave seg gjennom stein sidan siste istid. I samband med dette finn ein og næringsrik bergrunn mange stader, noko som er med å gjev eit rikt planteliv. 

​Lengst vest i Jotunheimen kan vêret treffe nokså hardt. Ein kan vera utsett for vind og raske vêrskifte generelt i Jotunheimen, men lenger austover rår i større grad innlandsklima og ein kan oppleva meir stabilt vêr, både sumar og vinter. Difor finst det ofte ei alternativ om ein møter på dårleg vêr når ein er i området. 

La deg inspirere – finn opplevinga du søkjer – ta kontakt.​

Vel møtt til tur i Lom, Jotunheimen og Breheimen!


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad