











Fyrst og Fremst er eit guide- og aktivitetsselskap med base i Lom og Jotunheimen, som legg til rette for trygge, lærerike og mestringsfylte opplevingar både på ski og til fots!
Med Jotunheimen og Breheimen som arena, har Fyrst og Fremst som mål å leggje til rette for storslåtte natur- og fjellopplevingar der meistring står i høgsetet. Bak Fyrst og Fremst står dagleg leiar og guide Iver Lund Aakre, som har bakgrunn som både leirskulelærar og kroppsøving - og friluftslivslærar. Iver er utdanna skivegleder i regi av Norske Tindevegledere (NORTIND). Fyrst og Fremst sett saman turar som passar alle, uansett erfaring og fysisk form, og arrangerer mellom anna turar til Galdhøpiggen sommar og vinter, toppturar på ski i Jotunheimen, brevandring og grotteturar til Dumdalen, samt ulike typer kurs som toppturkurs, skredkurs, grunnkurs bre og andre kurs om trygg ferdsel i fjellet. Kvifor Jotunheimen? Jotunheimen er eit fjellområde med stabilt vêr og storslått natur, og er ein unik boltreplass når det kjem til naturopplevingar i høgfjellet. Her finn du mellom anna mange av dei høgaste toppane i landet, ei mengd store og små isbrear og heilt spesielle kalksteinsgrotter. Desse er ikkje like synlege, men er og eit resultat av smeltevatn som har grave seg gjennom stein sidan siste istid. I samband med dette finn ein og næringsrik bergrunn mange stader, noko som er med å gjev eit rikt planteliv.
Kilde: Visit Jotunheimen AS