Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Gudbrandsdalen Lom

Galde Uppigard - gardsovernatting i Bøverdalen

  • +47 61212043
  •  /  km From You
Overview

Frå Jotunheimen og Bøverdalen ynskjer vi alle velkomne til overnatting på Galde Uppigard, 550 m.o.h. I gamle og nye hus kan vi tilby overnatting i fine naturomgjevnader og frisk luft. Her har du kort veg til Galdhøpiggen, Galdhøpiggen Sommerskisenter, jakt, fiske, andre fjellturar og rafting.

Midt i Jotunheimen ved foten av Galdhøpiggen finn du setra og garden Galde Uppigard. Setra ligg på vakre Raudbergstulen med klatrepark og hestesenter som næraste nabo. Garden ligg nede i dalen (5 km frå setra)

Både garden og setra er gode utgangspunkt for skitrening – både alpint og langrenn – turar til fjord og fjell, jakt og fiske. 1 km til nærmaste butikk. Fin barnevennleg plass både på garden og setra. Nye og gamle hus med alle fascillitetar.

Kårstugu: Fint gammalt hus med 14 sengeplassar (4 soverom), stor stue med TV, stort kjøkken med oppvaskmaskin – godt utstyrt til 25 personar. 2 dusjar og toalett.
Dalastugu: Nyrestaurert hus med 2 soverom (6 sengeplassar), stue med TV, kjøkkenkrok med oppvaskmaskin, dusj og toalett.
Loftet: Soverom med 3 senger, stue med TV, kjøkkenkrok med oppvaskmaskin, dusj og toalett.
Stabburet: 4 senger, kjøkkenkrok.
Biblioteket: 2 senger, kjøkkenkrok.
Gamlestua: Opphaldsrom.

Anna: Sanitæranlegg, tørkerom, klevaskemaskin, smørebu og gratis internett.

I det gamle tunet finn du fred og ro, og i Gamlestova som er frå 1719 talet kan du kose deg og brenne på peisen og føle at du bur i eit hus med sjel. Usjenert fin uteplass bak Gamlestova.

Setra: Om du køyrer Galdhøpiggvegen opp til Raubergstulen finn du setra. Setra er ein idyllisk og triveleg plass der du kan sjå kyr, sauer og hestar. I den nye delen av setra finn du stue, dusj, toalett, og eit godt utstyrt kjøkken med oppvaskmaskin. I den gamle delen kan ein framleis oppleve idyllen frå gamledagar. Totalt 6 - 9 sengeplassar. Familiekøyer. Anneks med 6 senger.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad