Den sjarmerande garden Galde Uppigard ligg i fredelege og idylliske omgjevnader i Bøverdalen, med kort veg til Galdhøpiggen sommarskisenter, Sognefjellet og alle Jotunheimen sine majestetiske fjellområde, og er eit perfekt utgangspunkt for fotturar, toppturar, jakt og fiske.
Om du er ute etter overnatting ved Galdhøpiggen, og vil bu mellom tjukke trivelege tømmerveggar, er Galde Uppigard verdt eit besøk. Her bur du i ulike hus på garden, med sjølvhushald. Staden er eit perfekt utgangspunkt for skitrening – både alpint og langrenn. Det er berre ein kilometer til nærmaste butikk. Fin barnevennleg plass beståande av nye og gamle hus med alle fasilitetar.
I det gamle tunet finn du fred og ro, og i Gamlestova som er frå 1719-talet kan du kose deg og brenne på peisen og føle at du bur i eit hus med sjel.
Velkomen til gards!