Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Luster

Galden- Øvrabøstølen - Brimskår - Nonhaug - Fjellstølen

Fjellstølen, Luster
Fjellstølen, Luster

Stadvis bratt tur til dei nedlagde fjellstølane Brimskår og Fjellstølen. Mogeleg å ta kort avstikkar til utsynspunktet Nonhaug.      

Øvrabøstølen er ein av vårstølane for Solvorn. Her er tufter og stølshus som vitnar om ein allsidig aktivitet. Her fanst det både sel, fjøs, løer og grisehus. Tidlegare vart stølsdrifta flytta til fjellstølane Brimskår og Fjellstølen utpå sommaren, men det er lenge sidan desse stølane var i bruk. I dag finst det lite spor att i landskapet etter desse fjellstølane.

Turskildring:

Turen frå Galden til Øvrabøstølen går langs god sti og skogsveg og tek om lag ein halv time. Stien til Brimskår svingar av frå Setålenstien og går i jamn stigning opp lia. Turen tek rundt to timar. Frå Brimskår går stien bratt til Nonhaug som er eit flott utsiktspunkt oppå fjellet. Nonhaug tyder der sola står ved "non" (kl. 17). Turen tek ca. ein time

For å kome til Fjellstølen går ein i staden stien langsetter skogsida frå Brimskår. Denne etappen tek ca ein halv time.

Øvrabøstølen er ein av vårstølane for Solvorn. Her er tufter og stølshus som vitnar om ein allsidig aktivitet. Her fanst det både sel, fjøs, løer og grisehus. Tidlegare vart stølsdrifta flytta til fjellstølane Brimskår og Fjellstølen utpå sommaren, men det er lenge sidan desse stølane var i bruk. I dag finst det lite spor att i landskapet etter desse fjellstølane.

Sesong: juni - oktober

Lengde og varigheit: 6 km / 6 timer

Kilde: Visit Sognefjord AS

Galden- Øvrabøstølen - Brimskår - Nonhaug - Fjellstølen

Sider du nylig har besøkt