Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Galdhøpiggen | Med eller utan guide frå Spiterstulen

Book

Frå Spiterstulen turisthytte kan du gå til Galdhøpiggen utan guide, da du ikkje treng krysse bre.

Turisthytta Spiterstulen ligger 1111 meter over havet i den frodige Visdalen i Jotunheimen, og er eit naturleg startpunkt for turar til Norges høgaste fjell, Galdhøpiggen. Frå her kan du gå til topps på eigehand eller med guide.

Turen frå Spiterstulen til Galdhøpiggen kan gjerast både med og utan førar, og det finst fleire rutealternativ. Den vanlegaste ruta går ikkje over bre, og du kan difor gå på eigenhand på godt merka sti.

Frå Spiterstulen til toppen av Galdhøpiggen er det ca. 5,3 km.Turen er totalt omlag 13 km. lang (tur -retur) med 1350 høgdemeters stigning.  Tidsbruk varierer, men normalt treng ein mellom 7 – 9 timar. Det er lurt å rekne ca. 5 timar opp og 3 timar ned. Turen frå Spiterstulen kan fint gås med “unge fjellvandrare” ned i 5-6 års alderen, viss dei er motiverte. Dette er ei rute med stor variasjon i både terreng og utsikt, og du går over tre 2000-meterstoppar undervegs til toppen!

Turbeskriving:
Frå Spiterstulen går stien opp på ei anna side enn frå Juvasshytta, og du treng ikkje å krysse nokon bre og kan derfor gå på eigenhand. Turen startar ved å gå over brua over elva Visa ved Spiterstulen og følgjer tydeleg sti heilt til topps. Denne vart renovert av sherpaer i 2010 grunna høg terrengslitasje. Ver vennleg å følg merka sti. 

Stien byrjar i småskog, men tek deg gjennom mange ulike terrengtypar, både over snø og steinur. Dette er ei rute med stor variasjon i både terreng og utsikt. Ruta slaker litt ut over nokre blokkfelt og snøkledte område, men stig jamt til ein etter kvart skimtar steinhytta  på toppen. Undervegs går du dessuten over tre 2000-meterstoppar! 

Galdhøpiggen via Eventyrisen:
Det er også eit alternativ å gå til Galdhøpiggen frå Spiterstulen via Eventyrisen. Da får du oppleve Svellnosbrean på same tur som du bestig Noregs høgaste topp. Da kan det vere lurt å ha med seg ein lokalkjent guide. Kontakt Spiterstulen bre- og fjellføring. 

Andre fjelltoppar: 
Med Spiterstulen som utgangspunkt kan du dessutan nå 17 av dei 26 toppane i Noreg på over 2300 meter over havet på dagstur. Storebror Galdhøpiggen tronar i vest med lillebror Glittertind i aust. Når hytta opnar om våren, er området eit eldorado for toppturar på ski.

Last updated: 11/17/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

Galdhøpiggen | Med eller utan guide frå Spiterstulen

Book

Sider du nylig har besøkt