VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Innlandet LOM

Galdhøpiggen | Guida tur frå Juvasshytta

  • Galdhøpiggvegen 1474, Lom
  • +47 61211750
  •  /  km From You
Overview

Juvasshytta ligg 1850 m.o.h., og er eit naturleg utgangspunkt for turar til Noregs høgaste fjell – i guida taulag. I sommarsesongen er det daglege guida turar til topps.

Guida tur over Styggebrean til Norges tak - Galdhøpiggen: 

Juvasshytta ligg 1850 m.o.h., og er eit naturleg utgangspunkt for turar til Noregs høgaste fjell – i guida taulag. I sommarsesongen er det daglege guida turar til topps. Om vinteren er vegen stengd med bom ved Raubergstulen (1000 m.o.h.), og ein lyt da gå på ski frå her.

Turen frå Juvasshytta til toppen av Galdhøpiggen er ca 5 km lang - med ei stigning på 650 høgdemeter. Turen på totalt ca 11 km. tek normalt 5-7 timar (tur-retur fra Juvasshytta).

Sommarsesong: 
Høgsesong frå ca. 1. juni - midten av september. (Kontakt Juvasshytta for turar før 1. juni)

Tider for guida turar om sommaren: 
09:00 - for buande gjestar på Juvasshytta i juli og august.
10:00 - for alle. Minimum 5 turdeltakarar*
11:30 - for alle.  Minimum 5 turdeltakarar*

* Det lyt vere minimum vere 5 personar i gruppa. Gruppa blir satt saman av fleir turlag, så om du er ein eller to personar, kjem dykk da i gruppe med andre. 

Prisar
Vaksne: NOK 300,- 
Barn (frå 7 år): NOK 250,- 

Eigen guide: 6000,- på gruppe inntil 15 personar. Må bookast ei veke på førehand til resepsjonen.

Du kan bestille billetter her, eller kome opp 45 minutter før turen går og kjøpe billett i resepsjonen. 

Om turen: 

Oppmøte:
Turen startar frå klatreveggen på vestsida av hovudhuset på Juvasshytta, ved informasjontavlane. Breførarane kjem ut 15-30 min før avgang avhengig av kor mange som skal vere med på dagens tur.

Det blir gjeve felles informasjon. Selar blir utdelt og tilpassa den enkelte. Barn brukar kroppssele, og desse krever litt meir justering. Guidane organiserer dette. Ved høve blir òg brodder utdelt. Alle bør ha litt mat i magen før turen startar og drikke lett tilgjengeleg.

Fyrste etappe - til brekanten:
Fyrste etappe av turen går inn til brekanten. Etappa går i slak stigning i omlag 2,8 km og tek ca. 1 time. Toppen ser du allereie frå her dersom sikta er god. Her tek gruppa den fyrste pausa, og det er lurt å få i seg mat og drikke. Juster påkledninga da det ikkje blir moglegheit for å justere klede under etappa over breen. Breførar gjev informasjon og grunnleggande informasjon om brevandring. 

Andre etappe - over breen:
Brekanten ligg 2000 meter over havet. Turen over Styggebrean til Piggura er ca. 2 kilometer lang og tek vanlegvis ca 50 min. Her går deltakarane i taulag.
- Over breen er det viktig med stramt tau mellom alle turdeltakarane. 
- Dei som ynskjer å gå i same taulag, vener og familie, passar sjølv på at dei stiller seg opp samla ved taua.
- Ta spesielt omsyn til familiar slik at barn ikkje går åleine.

Etter å ha kryssa breen, kjem ein til den såkalla "Piggura", den siste etappa før du er på Noregs tak.

Tredje etappe - Piggura til topps:
Deltakarane knyter seg ut av taua på beskjed frå brefører, og tek ei lita pause. Nå startar den den brattaste delen av turen, som tek mellom 30-60 minutt. Så er du på Noregs tak, 2469 meter over havet! 

Det blir ei god pause på toppen, og tid til å eta niste, nyte utsikta og å ta bilete. På toppen av Galdhøpiggen ligg det ei steinhytte. Her kan du få kjøpt kaffi, pølse, sjokolade, t-skjorter, postkort og liknande. Merk deg at her tek dei berre kontantar. Du må ha med deg vatn sjølv, sidan brevatn ikkje er anbefalt å drikke.

Returen - samme veg som du kom opp: 
Breførarane har avtalt møtetidspunkt anten på toppen, eller attende ved tauene nederst i Piggura. Sørg for å halde tida, og sett gjerne av litt ekstra tid ned att. Viss vêret er dårleg, går alle samla ned att frå toppen. 
 

Meir informasjon: 

Utstyrsliste
Vêret kan vere ganske heftig på veg mot Galdhøpiggen, og endrar seg raskt. Viss turdeltakarane ikkje er for dårleg kledd eller manglar viktig utstyr, kan guidane av sikkertheitsomsyn nekte deltakarar å vere med på tur. Hugs difor godt med mat og drikke - og kle deg etter vêr og føre! 

Klede - og pakkeliste: 
- Gode sko - helst fjellsko. (ikkje joggesko! ). Fjellsko kan leigast på Juvasshytta.
- Gamasjer (særleg i juni og juli). 
- Solbriller
- Varm lue/caps
- Vottar
- Solkrem
- Vatn - og vindtette ytterklede (både jakke og bukse)
- Skift (trøye)

Juvasshytta har eigen fjellbutikk kor du kan handle klede og utstyr til vanlege butikkprisar. 

Hund på bretur: 
Turen til Galdhøpiggen er ein fin tur for hundar som er vande til å gå i fjellet.
Det er viktig å hugse på at grovkorna is på breen kan slite på potane. Hundens potar bør vere herda eller ein bør bruke sokkar eller potesalve. Det er viktig at hunden er sikker over breen. Dei kan òg falle i ein bresprekk. Hunden skal difor ha en god sele som har magereim som sitt så godt at hunden kan lyftast i selen uten å falle ut. 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages