Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Jotunheimen LOM

Galdhøpiggen frå Spiterstulen turisthytte - til topps på eigenhand eller med guide

  • Visdalsvegen 1710, Lom
  • +47 61219400
  •  /  km From You
Overview

Spiterstulen turisthytte ligg 1100 m.o.h. ved foten av Galdhøpiggen, og er eit perfekt utgangspunkt for turar til Galdhøpiggen både om sommaren og vinteren.

Turisthytta Spiterstulen ligger 1111 meter over havet i den frodige Visdalen i Jotunheimen, og er eit naturleg startpunkt for turar til Noreges høgaste fjell, Galdhøpiggen.

Turen frå Spiterstulen til Galdhøpiggen kan gjerast både med og utan førar, og det finst fleire rutealternativ. Den vanlegaste ruta går ikkje over bre, og du kan difor gå på eigenhand på godt merka sti.

Frå Spiterstulen til toppen av Galdhøpiggen er det ca. 5,3 km.Turen er totalt omlag 13 km. lang (tur -retur) med 1520 høgdemeters stigning.  Tidsbruk varierer, men normalt treng ein mellom 7 – 9 timar. Turen frå Spiterstulen kan fint gås med “unge fjellvandrare” ned i 5-6 års alderen, viss dei er motiverte.

Turbeskriving:
Frå Spiterstulen går stien opp på ei anna side enn frå Juvasshytta, og du treng ikkje å krysse nokon bre og kan derfor gå på eigenhand. Turen startar ved å gå over brua over elva Visa ved Spiterstulen og følgjer tydeleg sti heilt til topps. Denne vart renovert av sherpaer i 2010 grunna høg terrengslitasje. Ver vennleg å følg merka sti. 

Stien byrjar i småskog, men tek deg gjennom mange ulike terrengtypar, både over snø og steinur. Dette er ei rute med stor variasjon i både terreng og utsikt. Ruta slaker litt ut over nokre blokkfelt og snøkledte område, men stig jamt til ein etter kvart skimtar Pigghytta på toppen. Undervegs går du over tre 2000-meterstoppar! 

Galdhøpiggen via Eventyrisen:
Det er også eit alternativ å gå til Galdhøpiggen frå Spiterstulen via Eventyrisen. Da får du oppleve Svellnosbrean på same tur som du bestig Noregs høgaste topp. Sjå film frå evetyrisen her: http://www.spiterstulen.no/turer/eventyrisen/, for meir informajson om sjølve turen og prisar, kontakt Spiterstulen. 

Du kan også ha med førar frå Spiterstulen på denne turen om du vil. Leir meir på: http://www.spiterstulen.no/turer/galdhopiggen/

Andre fjelltoppar: 
Med Spiterstulen som utgangspunkt kan du dessutan nå 17 av dei 26 toppane i Noreg på over 2300 meter over havet på dagstur. Storebror Galdhøpiggen tronar i vest med lillebror Glittertind i aust. Når hytta opnar om våren, er området eit eldorado for toppturar på ski. 

 

 

 

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages