Bøverdalen

Galdhøpiggen sommerskisenter

Bestill
  • Send oss en epost

  • +47 92201359

  • Galdhøpiggvegen 1474

    Lom, Innlandet

    Vis i kart

Galdhøpiggen sommerskisenter ligg 1850 meter over havet - ved foten av Nord-Europas høgaste fjell, Galdhøpiggen. Skisenteret er eit av få i Norge som ligg på ein isbre.

Galdhøpiggen sommerskisenter, som ofte blir kalla "Juvass", er eit moderne skianlegg med alle fasilitetar, og egnar seg til både alpint, telemark og snowboard. Her kan du og familien nyte kombinasjonen av sol, ski og slush-føre om sommaren - i skisenteret som ligg høgast over havet i heile Skandinavia. Anlegget har ein T-krokheis og ei 1400 meter lang nedkøyring. Dette er Norges lengste breskitrekk! Opningstidene er vanlegvis frå midten av mai til november, når dei store vinterskianlegga opnar. Nokre år held Galdhøpiggen sommarskisenter anlegget stengt midt på sommaren, dersom blåisen smeltar fram. Skisenteret er altså eit av få i Norge som er lokalisert på ein isbre. Skiheisen er borra ned i bre-is som er i konstant bevegelse ned mot Juvvatnet, og det isklare grøne vatnet som står i sterk kontrast til permafrostlandskapet. Treningsarena og leikepark: Skisenteret er ein populær treningsarena for alpintlag frå heile verda. I sommarferien er stort sett alle traseane opne for privatpersonar, og det blir bygd ein sommarpark med ulike hopp. Her kan du leige utstyr som ski, hjelm og stavar til ein god pris. Ta deg ein "Juvassbolle"! Bli du sliten mellom slaga, kan du ta ei pause i kafeen med 120 sitjeplassar og servering av varm og kald mat og drikke. Dessutan får du her dei beste bollane du finn 1000 meter over havet. Høgda over havet gjer nemleg at denne bollen hevar seg mykje betre enn vanleg. Hugs å sjekke vêr og føreforhald, og at vegen er ope på www.gpss.no

Kilde: Visit Jotunheimen AS